HPV-vaksinen er førebyggande, og har best effekt når den blir gitt før seksuell debut.
Vaksinen beskyttar mot dei HPV-typane vaksinen inneheld hos dei som ikkje er smitta av desse virustypane frå før. Hos dei fleste som blir smitta med HPV går infeksjonen over av seg sjølv. HPV-vaksine kan også beskytte mot ein reinfeksjon, og ein kan difor ha nytte av vaksinen sjølv om ein har hatt fleire seksualpartnarar.
HPV-vaksine blir tilbydd jenter og gutar i 7.klasse gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.
Tilbodet om gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991 og seinare er avslutta. Har du ikkje starta opp med HPV-vaksine må du kontakte til fastlegen og sjølv betale for vaksinen.
Les meir om: