Svar på spørsmål som flyktningar ofte lurer påHer finn du svar på nokre praktiske spørsmål som du kan lure på. Sist endra 20.08.2024 11.11 Korleis bestiller du time? Du får innkalling til helsekartlegging etter busetting. Du kan bestille time til helseundersøking sjølv. Du må da kontakte tilhøyrande helsestasjon/legekontor for flyktning i kommunedelen din. Andre kan òg bestille time for deg. Dette kan vere familiemedlemmer eller tilsette i kommunen. Viss du har spørsmål kan du ringe til dei som utfører helseundersøkinga, eller til innbyggartorget. Kva skjer på helseundersøkinga? På helseundersøkinga som nybusett flyktning, får du: Ei helsekartlegging inkludert pliktig tuberkulosekartlegging Rettleiing ut frå behov Informasjon om helsetenester i Norge, fastlege, legevakt, tannlege, akuttnummer Informasjon om tema som kjønnslemlesting og vald Tilbod om smittvernprøver Tilbod om vaksinasjon Dersom du er barn, blir du undersøkt av helsestasjonslege Det blir tatt syns- og høyrselstest av alle barn Tilbod om heimebesøk for nybusette familiar Helsesjukepleiar har kompetanse til å identifisere alvorlege psykiske helseproblem og gir hjelp til vidare utgreiing og behandling til dei som har behov. Helsesjukepleiar samarbeider med andre som arbeider med flyktningar. Kva må du ta med deg til helseundersøkinga? Medisiner du brukarTuberkulosekort og vaksinasjonskortLegitimasjon/IDHeile familien må møte opp til timen til helseundersøking Korleis skjer helseundersøkinga? Vi snakkar med deg om helsa di og bakgrunnen din Vi viser deg til sjukehuset for blodprøvar og røntgen Barna får time hos helsestasjonslegen for undersøking Vi viser deg vidare til lege dersom du treng det Vi hjelper deg med å velje fastlege dersom du ikkje har fått gjort det Vi fortel deg om helsesystemet i Norge Vi gir informasjon om kjønnslemlesting, vald og negativ sosial kontroll Korleis får du svar på prøvane? Du vil bli kontakta dersom vidare undersøking er nødvendig. Viss du ikkje blir kontakta etter helseundersøkinga, så betyr det at blodprøvar og røntgenundersøkinga er utan funn. Kva skjer etter helsekartlegginga? Du får kanskje tilbod om heimebesøk. På heimebesøk får de praktisk informasjon om mellom anna sikkerheit, påkledning, hygiene, kosthald. Du får time til vaksinasjon. Barna sine vaksinasjonar blir tilpassa det norske vaksinasjonsprogrammet, og vaksne og dei under 25 år får tilbod om MMR-vaksine og polio-vaksine. Du får ny oppfølgingstime ved behov. Barnefamiliar får ny time. De skal ha kontakt med helsesjukepleiar minst ein gong i månaden dei første seks månadane, deretter etter behov. Kan du få hjelp til prevensjon? Helsesjukepleiar gir deg informasjon om prevensjon og rettleier deg slik at du får den prevensjonen du treng. Helsesjukepleiar gir seksualundervisning for å styrke den seksuelle kompetanse din og din autonomi. Information in English