Det som skjer no er at vi skal legge ned inntaksleidningar i Brusdalsvatnet. Gjennom desse røyra skal vatn frå Brusdalvatnet leiast til vassbehandlingsanlegget, fortel prosjektleiar Marthe Strømme.
Arbeidet med leidninga vil først og fremst vere i området ved klubbhuset til Ålesund Jeger- og Sportsfiskeforening. Området vil vere stengt av med gjerde.
Vidare forklarer ho at inntaksrøyret, og eit reserveinntaks røyr, skal sveisast på land for å så verte senka i Brusdalsvatnet. Inntaksrøyret vil til saman vert 4 km langt, det vil ligge å flyte i Brusdalsvatnet før det vert senka når det er sveisa saman i full lengde.
Eit omfattande arbeid
Brusdalsvatnet er drikkevasskjelda vår også eit verdifullt naturområde. I tilknyting til vatnet ligg Spjelkavikelva som er eit sårbart vassdrag og heim til mellom anna elvemuslingar. For å ivareta drikkevasskjelda og naturressursane i området, er det stilt strenge krav til utføring av arbeidet. Mellom anna skal alt utstyr som skal brukast i Brusdalsvatnet desinfiserast før det vert tatt i bruk. Vasskvaliteten vert kontinuerleg overvåka med automatiske loggarar.
Å ta vare på drikkevasskjelda under arbeidet er vår høgste prioritet. Innbyggarane skal føle seg trygg på at drikkevatnet ikkje vert forringa av arbeidet som skal utførast og at området rundt er trygt å ferdast i. Alle dei involverte har jobba grundig med førebuingane og det er utarbeida ei detaljert miljørisikoanalyse, med beredskaps- og tiltaksplan.
Dette betyr arbeidet for deg
Naboar og andre som brukar området vil frå torsdag 15. august av, når første lastebil kjem køyrande, og framover oppleve at fleire lastebilar skal køyre gjennom området.
Strømme fortel at lastebilane vil køyre mellom klokka 09.00 til 15:00 i kvardagane. Det vil vere ryggevakt til stades og andre sikkerheitstiltak for at området skal følast trygt å ferdast i.
Arbeid i området fram til nyttår
Ho fortel også at det skal gravast ei grøft i sjølve Brusdalsvatnet, dette for å gjere det mogeleg å "skubbe" røyret ut i vatnet. Medan grøfta gravast skal det etablerast ei siltgardin. Denne vil hindre at eventuelt oppvirvla sediment skal påverke drikkevasskjelda eller tilstand på vassdraget. I tillegg til at det blir nødvendig å bruke båtar og dykkarar.
Arbeidet i denne omgang vil gå føre seg fram til nyttår.
Kort om Fremmerholen vassbehandlingsanlegg
- Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar for å sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.
- Fremmerholen vassbehandlingsanlegg skal både ha vassbehandling i Brusdalsvegen 208 og råvasspumpestasjon tett ved Brusdalsvatnet, i tillegg til rør både på land og i vatn.
- To bygg i Brusdalsvegen med prosessanlegg og reintvassanlegg. Pumpestasjon ved Rødsetvegen.
- Planlagt drift av anlegget er hausten 2026.