Reinare fjord

Prosjekt for opprydding av alvorleg forureining i Aspevågen i Borgundfjorden.

Aktivitetar i 2023

I 2022 blei det utarbeidd ein revidert tiltaksplan mot forureina sjøbotn i Aspevågen. I 2023 vil Ålesund kommune, etter å ha mottatt tilskot frå Miljødirektoratet, gjennomføre supplerande undersøkingar i sjø. Resultata frå undersøkingane skal nyttast til detaljprosjektering av tiltaksløysingane som beskrive i revidert tiltaksplan mot opprydding av forureina sjøbotn. Arbeidet vil gjennomførast av Rambøll med samarbeidspartnarar. I første omgang vil det gjennomførast kartlegging av dyr som lever på sjøbotnen, marine naturtypar ved dei ulike tiltaksområda, og det vil takast nokre supplerande prøver på sjøbotnen. Dette arbeidet vil bli gjennomført i uke 11. 

I løpet av våren 2023 er det planlagt å gjennomføre ei kartlegging av sjøbotnen frå Aspholet til Volsdalsvågen. Dette arbeidet vil ta fire arbeidsdagar, og vil skje frå ein lettbåt. Arbeidet skal gi opplysningar om topografien på sjøbotnen, type botnsubstrat og tykkelsen av massar ned til fjell i dei ulike tiltaksområda. 

Det er også planlagt at Rambøll skal gjennomføre geotekniske undersøkingar i løpet av sommaren eller tidleg høst i Aspevågen. Desse undersøkingane vil gjennomførast med ein borerigg, og varar i omtrent ei arbeidsuke. Resultata frå undersøkingane vil bidra til å sikre at tiltaksløysingane mot forureina sjøbotn er tilpassa og egna for dei geotekniske forhalda i området. 

Kvifor skal det ryddast? 

Undersøkingar har vist at sjøbotnen i Aspevågen er alvorleg forureina. Det er fleire årsaker til denne alvorlege forureininga.  

Nokre av årsakene er: 

  • Maritime industriaktivitetar
  • Kommunale avløp
  • Brann
  • Byggjeaktivitet
  • Miljøgifter i malingsprodukt som for eksempel skipsmaling

Desse har bidratt til at sjøbotnen i Aspevågen er sterkt forureina av ei rekke tungmetall, organiske miljøgifter, tjærestoffer (PAH) og tributyltinn (TBT). 

Det er eit nasjonalt satsingsområde å rydde i forureina sjøbotn. Det er utarbeidd fylkesvise tiltaksplanar for opprydding langs kysten. Miljødirektoratet valte i 2013 ut 17 områder som skulle prioriterast. Aspevågen i Ålesund er eitt av desse prioriterte områda. 

I Ålesund har vi eit spesielt ansvar for at fjordane er trygge og rene. Det er nok å nemne det viktige Borgundfjordfisket. Borgundfjorden har året rundt et stort og viktig potensiale for fiske og er samtidig eit viktig rekreasjonsområde.

Kva skal vi gjere? 

I 2022 blei det utarbeidd ein revidert tiltaksplan for opprydding av forureininga i Aspevågen. I revidert tiltaksplan er det lagt vekt på tiltak som ikkje omfattar mudring. Mudring gir auka risiko for spreiing av miljøgifter, behov for transport av forureina massar og etablering av deponiløysing. Tiltaka som er anbefalt i den reviderte tiltaksplanen er å dekke til med reine massar. Reine massar vil då isolere dei forureina massane slik at dei ikkje vil vere ein risiko for menneske og biota.

Det er anbefalt å gjennomføre tiltak i fire delområder i Aspevågen. Dette er likt med tiltaksplanen frå 2015, men to delområder er no blitt noko utvida. Det vert også opna opp for at det kan gjennomførast tiltak i ulike delområder til ulik tid.  

I tiltaksplanen er det utarbeidd miljømål for arbeidet med oppryddinga: 

  • Sedimenta skal oppnå minst tilstandsklasse III (moderat forureining).
  • Ny spreiing av forureining skal hindrast.
  • Sedimenta skal ikkje utgjere ein uakseptabel risiko for human helse, økosystema, og det biologiske mangfaldet.

Tiltaksplan:

2022 - Revidert Tiltaksplan Renere Fjord Ålesund (PDF, 8 MB)

Ålesund kommune er også ansvarleg for å rydde opp etter det gamle gassverket på Ysteneset. Her er det utarbeidd tiltaksplanar for sjø og for forureina grunn i 2022:

2022 - Tiltaksplan Gassverkstomta Ålesund Sjø (PDF, 6 MB)

2022 - Tiltaksplan Gassverktomta forurenset grunn (PDF, 934 kB)

 

Korleis skal oppryddinga gå føre? 

Før ein gjennomfører tiltak i sjø må det gjennomførast opprydding av forureiningskilder i strandsona på land. Aktuelle grunneigarar har fått pålegg frå Statsforvaltaren om å undersøke eigedomane sine. Dersom det vert påvist alvorleg forureining vil dei få pålegg om opprydding. Det er også nokre grunneigarar som har fått pålegg om opprydding i sjø. Bakgrunnen er at Stortinget har nedfelt prinsippet om at forureinar skal betale kostnadene ved opprydding. 

I tiltaksplanen frå 2022 er det hovedsakleg føreslått tildekking av forureininga på sjøbotn. Det kan også vere aktuelt å mudre mindre områder for å oppretthalde nødvendig seilingsdjup. 

Tildekking 

Forureininga vert isolert ved å legge eit lag med reine masser over. Dette vil hindre utlekking og oppvirvling av miljøgifter, og at ulike organismar kommer i kontakt med forureininga. 

Mudring 

Mudring er å flytte lausmassar på havbotnen frå eit sted til eit anna. Prosessen gir stor fare for spreiing av forureining til vassmiljøet, og forureininga som blir virvlet opp kan legge seg tilbake på sjøbotnen i etterkant. Derfor må det ofte gjennomførast tildekking med reine massar etter mudring.  

Deponering 

Det er viktig at forureininga som vert fjerna frå havbotnen blir lagra på ein sikker måte i eit deponi. Det er mogeleg å etablere eit deponi i strandkanten eller på sjøbotnen. I prosjektet er eit strandkantdeponi vurdert som den beste løysinga. Normalt vert eit strandkantdeponi etablert av stein, filtermateriale og geotekstil. Forureininga vert plassert innafor geotekstilen og deponiet vert lukka slik at forureininga ikkje lenger er ein risiko for helse og miljø. Deponiet vert overvaka for å sikre at det ikkje lekk.  

Kostnadar 

Det er vanskeleg å si kva oppryddinga vil koste. Eit foreløpig estimat for opprydding i dei fire utvalde tiltaksområda er frå 160 millionar kroner til 240 millionar kroner. Når prosjektet er detaljprosjektert vil det vere mogeleg å kome med eit meir presist estimat.

Stortinget har nedfelt prinsippet om at forureinar skal betale kostnadene ved opprydding. I Aspevågen er det fleire orsakar til forureininga og det er relativt komplisert å lokalisere kven som er ansvarleg for forureininga. Stortinget har av den grunn sagt at staten skal bidra med ein del av kostnadane for å få fortgang i oppryddinga. 

For utredningsarbeidet er det Miljødirektoratet som tildeler midler frå staten basert på årleg søknad frå kommunen. For å gjennomføre prosjektet med mudring, tildekking og deponering vert midlar tildelt over statsbudsjettet. For å få prosjektet i Ålesund inn på statsbudsjettet må Ålesund kommune ha eit godt prosjekt basert på prøvetaking, analyser og faglege utgreiingar.

Tiltaksområder 

Aspevågen utgjer eit areal på 2,5 km2. Dette er eit stort område og det vil vere kostbart å utføre tiltak i heile Aspevågen. I tiltaksplanen frå 2022 er det gjennomført ei oppdatert risikovurdering av delar av Aspevågen. Denne vurderinga viser at det er fire mindre områder som utgjer størst risiko for skade på miljøet: 

  • Delområde 2: Området ved Kvennaneset
  • Delområde 3: Skutvika og østover
  • Delområde 4: Volsdalsvågen
  • Delområde 5: Dypbassenget der vraket «Iris» ligg

 

Kart - Klikk for stort bileteKart over tiltaksområdet.

 

Kva skjer nå? 

Prosjektet er inne i planleggingsfasen. I 2022 er tiltaksplanen frå 2015 revidert og i 2023 skal det takast fleire supplerande undersøkingar og prosjektet skal detaljprosjekterast. 

Det er viktig å ta omsyn til torsken som gyter i Borgundfjorden. Det er derfor etablert dialog med Fiskeridirektoratet med tanke på tidsperiode for tiltak.

Kven gjer kva? 

Ålesund kommune er ansvarleg for å gjennomføre prosjektet, og samarbeidar med Miljødirektoratet, Statsforvaltaren, Kystverket, Fiskeridirektoratet og Ålesundregionens hamnevesen. 

Undersøkingar 

Den alvorlege forureininga i Aspevågen har vært kjent lenge. Den første undersøkinga vart utført av Norsk institutt for Vannforskning (NIVA) i 1979. Etter dette har situasjonen i Aspevågen vore kartlagt med fleire undersøkingar og overvakingsprogram.

Dokument

Reinare fjord
Tittel Publisert Type
2022 - Datarapport fra grunnundersøkelse

17.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned G-rap-001 Renere fjord Ålesund havn (1).pdf
2021 - Datarapport fra miljøteknisk undersøkelse - Vedlegg

2021 - Datarapport fra miljøteknisk undersøkelse - Vedlegg

17.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedlegg1-5 M-rap-004-Apevågen-2021-Miljøteknisk-undersøkelse-datarapport-rev000.pdf
2021 - Datarapport fra miljøteknisk undersøkelse

2021 - Datarapport fra miljøteknisk undersøkelse

17.11.2022 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned M-rap-004-Aspevågen-2021-Miljøteknisk-Undersøkelse-datarapport-rev000.pdf
2017 - Rapport Vurdering av aktuelle lokaliteter for etablering av strandkantdeponi - Norconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2017 - Rapport Vurdering av aktuelle lokaliteter for etablering av strandkantdeponi - Norconsult.pdf
2017 - Rapport Sjøbunnskartlegging- Fugro - del 2

28.02.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2017 - Rapport Sjøbunnskartleggin - Fugro - del 2.pdf
2017 - Rapport Sjøbunnskartlegging - Fugro - del 5

28.02.2023 Filtype: png. Klikk for å laste ned 2017 - Rapport Sjøbunnskartleggin - Fugro - del 5.png
2017 - Rapport Sjøbunnskartlegging - Fugro - del 4

28.02.2023 Filtype: png. Klikk for å laste ned 2017 - Rapport Sjøbunnskartleggin - Fugro - del 4.png
2017 - Rapport Sjøbunnskartlegging - Fugro - del 3

28.02.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2017 - Rapport Sjøbunnskartleggin - Fugro - del 3.pdf
2017 - Rapport Sjøbunnskartlegging - Fugro - del 1

28.02.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2017 - Rapport Sjøbunnskartleggin - Fugro - del 1.pdf
2016 - Rapport Marinarkeologiske registreringer - Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2016 - Rapport Marinarkeologiske registreringer - Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum.pdf
2015 - Rapport Tiltaksplan forurenset sjøbunn - Rambøll

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2015 - Rapport Tiltaksplan forurenset sjøbunn - Rambøll.pdf
2013 - Rapport Ålesund havn, Skutvika terminal - Bistand i forbindelse med påbud om tiltaksplan - Multiconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2013 - Rapport Ålesund havn, Skutvika terminal - Bistand i forbindelse med påbud om tiltaksplan - Multiconsult.pdf
2013 - Rapport Biologiske effekter av sedimentforurensning i Aspevågen - Multiconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2013 - Rapport Biologiske effekter av sedimentforurensning i Aspevågen - Multiconsult.pdf
2013 - Notat Forurensningslokaliteter i Skutvika, Simonsen og Florvåg - Multiconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2013 - Notat Forurensningslokaliteter i Skutvika, Simonsen og Florvåg - Multiconsult.pdf
2013 - Artikkelserie Torskebestand i år og uår

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2013 - Artikkelserie Torskebestand i år og uår.pdf
2010 - Undersøkelser Oppvirvling av forurenset sjøbunn og analyse av biota - DNV

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2010 - Undersøkelser Oppvirvling av forurenset sjøbunn og analyse av biota - DNV.pdf
2010 - Rapport Undersøkelser på land - Multiconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2010 - Rapport Undersøkelser på land - Multiconsult.pdf
2010 - Rapport Supplerende undersøkelser på land - Multiconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2010 - Rapport Supplerende undersøkelser på land - Multiconsult.pdf
2008 - Resultater fra supplerende prøver fra tiltaksplanområdet - NIVA

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2008 - Resultater fra supplerende prøver fra tiltaksplanområdet - NIVA.pdf
2006 - Tiltaksplan fase 2, Aspevågen, Buholmstranda og Fiskerstrand - NIVA, Multiconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2006 - Tiltaksplan fase 2, Aspevågen, Buholmstranda og Fiskerstrand - NIVA, Multiconsult.pdf
2003 - Rapport Tiltaksplan fase 1 Borgundfjorden - Multiconsult

15.11.2021 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned 2003 - Rapport Tiltaksplan fase 1 Borgundfjorden - Multiconsult.pdf

 

Kontakt

Sol Berntsen Slinning 
Kommunalsjef Samfunn
Tlf: 40 29 23 27 
E-post: sol.berntsen.slinning@alesund.kommune.no