Reinare fjord

Når vi legg ny sjøbotn og dekker til gamal forureining, gir vi byen og menneska her nye moglegheiter.  

bysentrum med sjø rundt - Klikk for stort bilete

 

Aspevågen er eit av 17 prioriterte område i den nasjonale handlingsplanen for opprydding av forureina sjøbotn. 

Kvifor skal det ryddast? 

Aspevågen i Borgundfjorden er alvorleg forureina med ei rekke tungmetall, organiske miljøgifter, tjærestoff (PAH) og tributyltinn (TBT).  

Les her kva Mattilsynet seier om å ete fisk og skaldyr frå forureina hamner.

I Ålesund har vi eit spesielt ansvar for at fjordane er trygge og reine. Borgundfjorden har nasjonal verdi som gyteområde for kysttorsk, Borgundfjordtorsken, og fjorden er viktig til fiske og fritidsaktivitetar gjennom heile året.  

småbåtar fiskar på fjorden - Klikk for stort bilete

Når vi legg ny sjøbotn, får vi: 

  • Friskt og sunt liv i havet, fisk og skaldyr utan miljøgifter - og ei framtid for Borgundfjordtorsken.
  • Det blir trygt å bade, fiske og ete sjømat frå Aspevågen - både for dei som bur her og dei som besøker oss. 
  • Vi får ny bruk og mulegheiter for Aspevågen – også til byutvikling

Kva skal vi gjere? 

Tiltaksplanen tilrår å dekke til den forureina sjøbotnen på fire område i Aspevågen. Tildekking skjer på ulike måtar alt etter skipstrafikk, botnforhold, djupne og så vidare.

Tildekking er billegare og raskare enn å grave opp massane med mudring. Mudring har dessutan større fare for spreiing av miljøgifter, det vert behov for transport av forureina massar og etablering av deponiløysing. Mudring kan likevel vere ei løysing der tildekking gjer det vanskeleg med seglingsdjupne.

Oppryddinga har desse miljømåla:

  • Oppnå minst tilstandsklasse III (moderat forureining) for sedimenta
  • Hindre ny spreiing av forureining 
  • Sedimenta skal ikkje utgjere ein uakseptabel risiko for folk si helse, økosystema, og det biologiske mangfaldet

Ålesund kommune er også ansvarleg for å rydde opp etter det gamle gassverket på Ysteneset, der det både har vore forureina på land og i sjøen. På land er det gjort opprydding, og ein har no fått bekrefta at det ikkje lek ny forureining ut i sjøen. Dette har vore ei forutsetning for statleg støtte til det større oppryddingsprosjektet.  

Kvar?

kart over aspevågen - Klikk for stort bilete

Å rydde heile den 2,5 kvadratkilometer store Aspevågen er dyrt. Tiltaksplanen peiker difor på områda med størst risiko for skade på miljøet: 

  • Området ved Kvennaneset
  • Skutvika og austover
  • Volsdalsvågen

Tiltak på land 

Før vi ryddar opp på sjøbotnen, må det ryddast i strandsona på land. Grunneigarane det gjeld har fått pålegg frå Statsforvaltaren om å undersøke eigedomane sine. Finn dei alvorleg forureining, må dei rydde opp. Det er også nokre grunneigarar som har fått pålegg om opprydding i sjø. 

Kva vil det koste?

Usikkerheitsanalysen i 2023 sa ein pris på 102 millionar kroner (P50)/143 millionar kroner (P85) i 2023-kroner, pluss meirverdiavgift. 

Stortinget seier at forureinar skal betale kostnadene ved opprydding, men i Aspevågen er det vanskeleg å seie kven som er ansvarleg for forureininga. Den kjem mellom anna frå maritime industriaktivitetar, skipsmaling, kommunale avløp, brann og byggeaktivitet. Det er “gamle synder”, firma er lagt ned, det er fleire som står bak ei samla forureining og så vidare.  Difor har Stortinget sagt at her må staten ta ein del av rekninga.  

Miljødirektoratet gir støtte til utgreiingsarbeidet. Pengar til sjølve prosjektet må kome frå statsbudsjettet. For å få prosjektet i Ålesund inn på statsbudsjettet må Ålesund kommune ha eit godt prosjekt basert på prøvetaking, analyser og faglege utgreiingar. Det er og ei forutsetning at kommunen sjølv tek tak i den forureininga som er knytt til gassverkstomta.

Undersøkingar 

Den første undersøkinga vart utført av Norsk institutt for Vannforskning (NIVA) i 1979. Etter dette har situasjonen i Aspevågen vore kartlagt med fleire undersøkingar og overvakingsprogram. Vi heldt fram med undersøkingar sommaren 2024. 

Oppsummeringa av tiltaksplanen frå 2023 finn du her. (PDF, 290 kB)

Denne rapporten gir eit overblikk over tidlegare undersøkingar og gjer ei vurdering av spreiingsfare og tiltak (PDF, 3 MB)

Vi har mellom anna kartlagt tareskogen i området og har lagt planar for å ta vare på denne når vi skal legge ny sjøbotn. 

Kontakt

Paul Arne Ulstein
Prosjektleiar Miljø og samferdsel
E-post: paul.arne.ulstein@alesund.kommune.no