Ulike typar opphald i sjukeheim
- Korttid - med formål å betre helsetilstanden for tilbakeføring til eigen heim.
- Rehabilitering - med formål om tilbakeføring til eigen heim, til dømes etter eit sjukehusopphald.
- Avlasting - for pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid.
- Avklaring - utgreiing for vidare pleie- og omsorgstilbod.
- Langtid - når det ikkje er mogleg å få nødvendig hjelp i heimen.
- Demens - for personar med demensdiagnose.
- Palliasjon - behandling, omsorg og pleie ved livets slutt.
Tenesta omfattar
- Fagleg bistand ved administrasjon av medisinar, tilgang på legeteneste ved fast tilsynslege/fastlege, tannhelseteneste, habilitering/rehabilitering, fysioterapi og ergoterapi.
- Hjelp til praktiske oppgåver som å ivareta personleg hygiene, få tilpassa ernæring og hjelpemiddel, samt vask av tøy.
- Tryggleik og trivsel ved at kvar brukar får sin eigen primærkontakt/koordinator, i tillegg til at det er tilgjengeleg personale heile døgnet. Ein får høve til å delta på sosiale aktivitetar og skjerming der det er naudsynt.
Ved behov, kan vi òg formidle andre tilbod som fotpleie, frisør, tolketeneste og sjelesorg.
Kven kan få plass i sjukeheim?
Når du har behov for omsorgstenester, vil vi saman med deg vurdere kva som er den beste hjelpa ut frå dine behov. Omsorgstenestene skal bidra til at den enkelte får bu i eigen heim, så lenge som mogleg. Dette kan vi oppnå ved hjelp av praktisk bistand, heimesjukepleie og ulike dagtilbod.
Langtidsopphald blir først vurdert etter å ha prøvd ut tiltak for å leggje til rette for at ein framleis kan bu i eigen heim. Dersom langtidsplass i sjukeheim eller bukollektiv blir vurdert som det riktige omsorgsbehovet for deg, vil du få tilbod om ein langtidsplass i ein av våre sjukeheimar/bukollektiv. Kvar du får plass, avheng av kvar det er ledig plass av den typen du har behov for. Det er difor ikkje høve til å velje sjukeheim.
Søk om plass
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Klage på vedtak eller teneste
Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.
Sambuargaranti
Når søknad er grunngitt i ønskje om å bu saman med ektefelle/sambuar som er tildelt langtidsplass i sjukeheim, kan dette bli innvilga som korttidsplass. Sjå forskrift som regulerar dette.
Varslingsplikt i kommunehelsetenesta
1. juli 2019 fekk alle verksemder som yter helse- og sosialtenester plikt til å varsle Helsetilsynet om dødsfall og svært alvorlege skadar på pasientar/brukarar som har samanheng med helsehjelpa.
Pasientar, brukarar og pårørande har samtidig fått rett til å varsle om slike hendingar til Helsetilsynet, jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 12-3a.
Formålet med varslingsplikta er å identifisere uforsvarlege forhold raskare, rette dei opp og bidra til betre pasientsikkerheit og kvalitet.
Varslingsskjema om alvorlig hending
Kontaktinformasjon
Helsetilsynet 47 48 68 82 (Kl. 09.00-15.00)
Pris
Pris for opphald i sjukeheim, dag, natt eller korttid, inntil 60 døgn per kalenderår, er maksimumssatsar. Desse satsane er per dag/natt/døgn, og er uavhengig av brukars inntekt.
For langtidsplass er det begrensing i vederlag.
Alle personar med vedtak om langtidsplass som får plass på dobbeltrom, får eit fribeløp dersom vedkommande ikkje har søkt spesifikt om å få dele rom med ein annan.
Sjå pris for opphald i sjukeheim/institusjon
Klage
Klage på vedtak eller teneste
Oversikt over alle omsorgssentra i Ålesund
Opne kartet i nytt nettlesarvindu