Skarbøvik sjukeheim

Skarbøvik sjukeheim ligg midt i Skarbøvika, med flott utsikt mot byen, og med kort veg til natur og Tueneset. Skarbøvik sjukeheim blei opna i 1988.

Avdelingar

Her er langtidsavdelingar og avdelingar for personar med demens. Klipra bukollektiv for personar med demens er også tilknytta Skarbøvik sykehjem. Dette kollektivet er vedtatt nedlagt, og dette skjer fortløpande etter som bebuarane flyttar ut.

  • Langtidsavdeling: 40 plassar
  • Odinære demensavdeling: 10 plassar
  • Skjerma avdeling for personar med demens: 8 plassar
  • Klipra bukollektiv for personar med demens: Opprinnelig 12 plassar, som pr. nov.- 2022 er redusert til 4 plassar.

Aktivitetar

Ved Skarbøvik sjukeheim har vi ein del faste aktivitetar gjennom veka, og ein del faste arrangement gjennom året. I tillegg kjem andre aktivitetar avdelingsvis.
Vi har "Kulturutval" som planlegg desse aktivitetane.

  • Tilstelningar med eksterne aktørar: Konsertar, dans, musikk, foredrag med lysbilde og andre kulturinnslag.
  • Vi har ei aktiv pårørandeforeining som arrangerer musikkafé og tombola gjennom året, og som stiller opp som medhjelparar på andre arrangement.
  • Bingo ein dag i veka på kvar avdeling
  • Leseombod ein gang i veka
  • Andakter i samarbeid med kyrkje og organisasjonar kvar veke
  • Tradisjonelle årlege arrangement som: Nyttårsball, rullatorfestival, internasjonal kveld, "Den brune baren", førjulslunsj og juletrefest
  • Fast samarbeid med Skarbøvik barnehage gjennom året
  • "Kino" ca. ein gang i veka
  • Sosiale samlingar avdelingsvis som: allsong, trim, høgtlesing, baking, quiz m.m.
  • Vi har årskort på Atlanterhavsparken, som kan disponerast av pårørande/tilsette i følge med ein bebuar
  • Vi har for tida fleire frivillige aktivitetsvener som har avtale om regelmessige besøk til enkeltpersonar
  • Vi disponerer ein elektrisk sykkel med plass til to passasjerar
  • Hage i skjerma omgivnader

Tilbod

  • Frisør ein gang i veka.
  • Fotpleie to ganger i veka.
  • Massasje kvar torsdag.

Det er også moglegheit for samtalar med prest/diakon eller representantar frå andre trussamfunn eller organisasjonar ved behov og ønske.

Adresse

  • Besøksadresse: Ole Thoresensgate 16, 6006 Ålesund
  • Postadresse: Skarbøvik sjukeheim, Postboks 1521, 6025 Ålesund

Kontakt

  • Telefon: 70 16 50 00
  • Verksemdsleiar: Unni Urkedal Koppen
  • Avdelingsleiarar:
    • Avd 1: Synnøve Hjelseth Wiig
    • Avd 2 og Klipra bukollektiv: Tove Slyngstad
    • Avd 3: Silje Sofie Gjervik 
    •