Forslag frå innbyggarar

Eit innbyggarforslag gir innbyggarane i Ålesund høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av.

Gjennom å samle underskrifter har du som innbyggar i ein kommune eller eit fylke rett til å sette ei sak på den politiske dagsorden.  Dersom du fremmer eit slikt forslag, er kommunestyret plikta til å behandle det innan seks månader.

Slik fremmer du eit innbyggarforslag

  1. Foreslå ei sak som du ønsker at kommunestyret skal ta stilling til. Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. 
  2. Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar forslaget, og som er busett i kommunen. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse.
  3. Oppgi kven som er talsperson for forslaget (ein eller fleire) slik at kommunen kan gi tilbakemelding på kommunestyret si behandling av saka.

Forslag som oppfyller desse vilkåra må kommunestyret ta stilling til seinast seks månader etter at det er sett fram. Dette gjeld likevel ikkje dersom eit liknande forslag med same innhald er sett fram tidlegare i same valperiode. Forslaget kan heller ikkje settast fram på nytt før det er gått fire år sidan det sist blei fremma.

Kommunestyret kan ta stilling til eit initiativ frå innbyggarar sjølv om vilkåra nemd ovanfor ikkje er oppfylt. Det er opp til kommunestyret sjølv å ta stilling til om det vil behandle forslaget eller ikkje.

Du kan bruke nettportalen minsak.no til å foreslå saker og samle underskrifter. 

Foreslå ei sak

Sjå saker frå Ålesund

Lover og retningslinjer

Kommunelova kapittel 12 om deltaking frå innbyggarar og forslag frå innbyggarar