Søknader for private VA-anleggFør du etablerer private anlegg for vatn og avløp, må du søke kommunen om løyve. I utgangspunktet skal alle som har innlagt vatn vere knytt til offentleg avløpsanlegg. Dersom det ikkje er mogleg, kan du ha privat avløpsløysing. Då må rørleggaren/entreprenøren din bruke Entreprenørportalen til å søke kommunen både om å etablere privat avløpsløysing og til å ferdigmelde anlegget. Ansvarleg entreprenør/rørleggar skal dessutan søke/melde gjennom Entreprenørportalen dersom du skal installere vassmålartilbakestrøymingsvernfeittutskiljar oljeutskiljar Samla oversikt over skjema for vatn og avløp finn du hos søknadssenteret for Ålesund kommune.UtsleppsløyveSkal du ha privat avløpsanlegg, må du søke kommunen om utsleppsløyve. Det gjeld sjølv om avløpet går i lukka tank. Det er forskjell på om det gjeld utsleppsløyve for mindre avløpsanlegg under 50 personekvivalentar, for eksempel for eit hus eller to (kapittel 12 i forureiningsforskrifta) eller om det ein samla søknad for eit område med mindre tett busetnad (kapittel 13 i forureiningsforskrifta). Mindre avløpsanlegg (kapittel 12)Søknad om utsleppsløyveFor etablering av nye utslepp eller vesentleg auke av eksisterande utslepp under 50 personekvivalentar, skal du sende søknad om utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta kapittel 12. Då må du søke om utsleppsløyve slik:Først skal du varsle naboar, grunneigarar og andre interessentar og få kvittering frå dei om at dei er varsla. Denne nabovarslinga må du med i søknaden om utsleppsløyve.Her finn du nabovarselet som skal følge med søknaden Arbeidet med nytt avløpsanlegg må gjerast av fagkyndig firma. Til søknaden treng du også ha dokumentasjon frå dei som skal gjere jobben for deg. Dokumentasjon frå fagkynding som skal følge med søknadenNår du har dette på plass, kan du søkje om utsleppsløyve. Her kan du søke om utsleppsløyve Søkar har ansvar for å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne behandle søknaden. Behandlinga startar når søknadsskjema med alle nødvendige vedlegg er innsendt. Kommunen behandlar søknaden innan seks veker.Dersom det manglar opplysningar eller dokumentasjon, vil saksbehandlinga kunne ta lenger tid. Når avløpsanlegget er etablert, skal ansvarleg entreprenør/rørleggar sende inn ferdigmelding digitalt:Ferdigmelding av private avløpsanleggRegistrering av slamavskiljarar og tette tankarMeir informasjonAvlop.no – Mindre avløpsanleggMindre tettbygd område (kapittel 13)For mindre tettbygde område med utslepp over 50 personekvivalentar skal du sende søknad etter forureiningsforskrifta kapittel 13.Då gjeld kravet om at alle nye vass- og avløpsanlegg anten må vere eigd av kommunen eller av eit samvirkeføretak. • Før de søkjer, er det lurt å ta kontakt med kommunen for å få vite kva krav og eventuelle lokale tilpasningar som gjeld. Deretter må de dokumentere at det planlagde utsleppet er i tråd med krava. • De må også varsle naboar, grunneigarar og interessentar med samtidig kopi til kommunen. Kvittering for varsling og eventuelle uttalar/protestar må leggast ved søknaden. Kommunen kan hjelpe til med ei liste over kven som skal ha varsel. • Sjekk også hos kommunen om planane er i tråd med plan- og bygningslova og kommunen sine planar. • Det kan dessutan vere nyttig å ta kontakt med kommune eller fagkyndig for å få vite kva reinsekrav som gjeld der du planlegg utslepp. I rettleiing til søknadsskjema finn du meir om dokumentasjon og vedlegg som trengst til søknaden. Søk om utsleppsløyveKommunen er forureiningsstyresmakt og skal behandle søknader etter dette kapittelet.Søknad om utsleppsløyve for private avløpsanlegg må innehalde:namnet og adressa til den ansvarlegenamn på nøytral fagkunnig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller dokumentasjon av reinsegraddokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivastplassering av reinseanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:5000 eller storleiken av større utsleppet i peskildring av stad, løysing og djupne for utsleppetoversikt over interesser som kan bli påverka av etableringa som interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemdoversikt over kven som skal varslastsamtykke frå planavdelinga hos kommunen (dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova).Partar og andre som kan bli særleg ramma av saka er varsla om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen samtidig med at partar og andre blir varsla. I varselet skal det komme fram at utsegner må ha kome til søkjar innan ein frist på minst fire veker etter at varselet er sendt.Å ha eit privat avløpsanlegg er eit stort ansvar. Det kan du lese meir om her hos Norsk Vann, Vatn og avløp sin bransjeorganisasjon.Tømming og tilsynHar du privat avløpsanlegg, får du også krav om tøming. I tillegg får du tilsyn på anlegget.Pris på tilsyn finn du i Ålesund kommune si oversikt over betalingssatsar. Sist endra 17.08.2026 10.08