Kva er tilbakestrøyming?
Det kan skje at forureina vatn eller andre væsker blir trykt frå leidninga di og ut på det offentlege leidningsnettet. Dermed kan du forureine drikkevatnet til andre.
Rett tilpassa tilbakestrøymingsvern
For å hindre tilbakestrøyming, må du installere tilbakestrøymingsvern (også kalla tilbakeslagsventil). Dette arbeidet må gjerast av rørleggar.
Kva væsker du har på rørsystemet ditt og kor mykje dei kan forureine ved tilbakestrøyming avgjer kva type vern som bør installerast.
Rørleggaren skal søke og melde inn at du har fått tilbakestrøymingsvern gjennom Entreprenørportalen.
Skjema
Kontrollskjema for tilbakestrøymingsvern