Tilsyn på avløpsanlegg

Kommunen har plikt til å føre tilsyn på utslepp av avløpsvatn. Det gjer vi for å sjå om det er feil og manglar i reinsinga. 

Ålesund kommune har tilsyn med private avløpsanlegg i husstandar som har innlagt vatn, men som ikkje er knytta til det kommunale avløpsnettet.

Mange av dei private anlegga i Ålesund kommune vart etablert for mange år sidan og tilfredsstiller  ikkje lenger dagens krav til reinsing og utforming. Mange av desse anlegga treng oppgradering for at vi skal få mindre tarmbakteriar, næringssalt og organisk materiale til både vassdrag og kystområde.

Kva har vi tilsyn på?

Som forureiningsmynde har kommunen plikt til å føre tilsyn slik at regelverket blir følgt.  Vi har tilsyn på

  • Private avløpsanlegg Husstandar (bustadhus, hytter og liknande) som har innlagt vatn, enten kommunalt eller privat, og som ikkje er tilknytt kommunalt avløpsnett. Alle eigedomar i spreidd busetnad med innlagt vatn og privat avløpsløysing skal ha godkjend utsleppsløyve (Forureiningsforskrifta kapittel 12).
  • Utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre tettbygde område. Fellesanlegg i mindre tettbygde område. (Forureiningsforskrifta kap. 13)
  • Feittutskiljarar. Verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett. (Forureiningsforskrifta §15A-4 og lokal forskrift)
  • Oljeutskiljarar . Verksemder som har utslepp, herunder påslepp, av oljehaldig avløpsvatn. (Forureiningsforskrifta Kap. 15)

 

Kva er tilsyn?

Kontrollarbeidet blir gjennomført systematisk, gjerne områdevis og vil i grove trekk gå ut på følgande:

  • Gå gjennom dokumentasjon og registreringar for anlegget
  • Kontroll og oppfølging av tømmerapportar, servicerapportar og årsrapportar
  • Vurdere tømmefrekvens og tilgang
  • Kontrollbesøk/ inspeksjon (dette vert varsla i forkant)
  • Eventuell prøvetaking av anleggsutslepp og inspeksjon av utsleppspunkt
  • Kontroll av forureining, lukt eller anna sjenanse frå anlegget
  • Tilsynsrapport
  • Oppfølging av eventuelle avvik, og dermed pålegg om tiltak

Kva kostar det?

Gebyrsatsane finn du her

Det årlege gebyret er basert på kostnadane for å drive tilsyn, og er ikkje ein del av dei kommunale gebyra. Innkreving av gebyr er basert på sjølvkostprinsippet. Eventuelt overskot eller underskot vert innarbeidd i gebyrgrunnlaget for seinare budsjettår. 

Det er kommunestyret som har vedteke gebyra, og dei kan ikkje klagast på.  

Kontakt oss før du går i gang med utbetring

Det er alltid lurt om du tek kontakt med oss før du gjer utbetringar av avløpsanlegget ditt. Det er mange avløpsanlegg som etter kvart vil få pålegg om oppgradering til dagens reinsekrav.  Gjer du utbetringar no, kan dette bli unødvendig bruk av pengar dersom vi krev anna type utbetring i nær framtid, eller om det er planlagt felles avløpsanlegg i nærområdet ditt. 

Sikring av lokk bør uansett gjerast med ein gong.

Ansvar og heimlar

Forureiningslova pålegg kommunen å motverke forureining, føre tilsyn med kjelder til forureining og sørge for at vedtak og pålegg blir følgt. Etter Forureiningsforskrifta kapittel 12 og 13 er kommunen forureiningsmynde og skal føre tilsyn med at føresegn og vedtak blir følgt. 

Desse forskriftene og lovene gjeld: