Førehandsuttale frå vatn og avløp i byggesaker

Før du skal bygge eller tar til å grave, må du ha ein førehandsuttale frå vatn og avløp.

Kva er ein førehandsuttale frå vatn og avløp? 

Førehandsuttalen avklarer tilknytingspunkt og kapasitet på vass- og avløpsnettet, handtering av overvatn og om tiltaket kjem i konflikt med leidningar i grunnen.  

Heile søknadsprosessen i byggesaker finn du her. 

Når må du søke førehandsuttale?

Du må søke om ein førehandsuttale dersom du skal:

  • Søke om byggeløyve. Dette gjeld for byggetiltak som skal ha vassforsyning og avløp, men også andre tiltak som murar, garasjar og naust. For at du skal få igangsettingsløyve til byggetiltak må ansvarleg entreprenør/rørleggar sende inn “søknad om vatn- og avløpsarbeid”.  Til den søknaden trengst det førehandsuttale. 
  • Utføre deling av eigedom som skal byggast ut

Når slepp du å søke førehandsuttale?

Du treng ikkje å søke førehandsuttale dersom:

  • Det gjeld punktreparasjon ved akutte lekkasjar, eller rehabilitering av avløpsleidningar med innvendig strømpe (utan graving).
  • Du skal gjere andre arbeid på innvendige vass- og avløpsleidningar enn dei som er nemnde under. Oppussing av bad kan for eksempel gjerast utan å søke. Søknad om vass- og avløpsarbeid for innvendig arbeid skal likevel sendast inn og vere godkjent før oppstart.

Slik søker du om førehandsuttale

Tiltakshavar eller du som ansvarleg søkar skal søke om førehandsuttale.

Når du søker om førehandsuttale, må ha du legge ved situasjonskart og leidningskart.

For å få leidningskart (VA-kart), sender du e-post til vatnavlop@alesund.kommune.no og fortel kva gards- og bruksnummer du treng kart over.

Du kan bruke det same situasjonskartet som i bygge- eller delingssøknaden. 

 

Her søker du om førehandsuttale

 

Når du får svar på søknaden og får førehandsuttalen, så skal du legge den ved når du søker om bygge- eller delingsløyve.

Ansvarleg for tenesta