Vassmålar

Med vassmålar betaler du berre for det du bruker.

Slik skaffar du deg vassmålar

Du må kontakte rørleggar. Rørleggar monterer vassmålaren og melder den inn til kommunen.

Når skal du lese av vassmålaren?

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar kvart år. I 2023 starta avlesinga den 23. november. Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden var 31. desember 2023 med aller siste frist 20. januar 2024.

Sjølv om du bur i Haram kommune frå 1. januar 2024, skal avlesing av vassmålar for 2023 meldast til Ålesund kommune. 

Du kan få påminning om avlesing anten med sms eller avlesingskort i posten. 

Slik les du av

Vil melde inn avlesinga på nett?

Då gjer du det her:  

Vassavlesing

Får du sms?

  1. Klikk på lenka i sms-en (alesund.kommune.no/vassavlesing).
  2. Tips: Sjekk først at det er rett vassmålar før du registrerer.
  3. Les av målarstand på målaren, 5 siffer. Ikkje raude tal og tal etter komma. 
  4. Fyll ut felta for dato og målarstand.  
  5. Når du har lagt inn den informasjonen du skal og er klar for å klikke «Godkjenn» er det viktig å berre klikke ein gong. Etter kvart vil det kome opp at målarstanden din er registrert.

 

Får du avlesingskortet i posten? 

  1. Tips: Sjekk først at det er rett vassmålar før du registrerer.
  2. Les av målarstand på målaren, 5 siffer. Ikkje raude tal og tal etter komma. 
  3. Fyll ut felta for dato, målarstand, signer og send det tilbake til oss.  

Prisar

Sjekk betalingssatsane for vatn og avløp.

Kva kan eg spare på å installere vassmålar?

Vi har laga ein enkel modell der du kan rekne ut kva din husstand kan spare på å installere vassmålar. Vi gjer merksam på at summen er rettleiande, ikkje eksakt.

Kalkulatoren tar utgangspunkt i eit gjennomsnittsforbruk per person per år. Dette forbruket er sett til 60 m3/år som standard i kalkulatoren, men kan endrast ved å legge inn høgare eller lågare tal. 

Prøv vassmålarkalkulatoren (XLSX, 20 kB)

Andre nyttige lenker