Entreprenørportalen

Rørleggar og entreprenør  har ansvar for å melde frå om arbeid på vass- og avløpsnettet. Det skal gjerast gjennom Gemini Entreprenørportal.

Entreprenørportalen

I denne portalen finn du skjema for:

  • Ny tilkopling til offentleg vass- og avløpsanlegg
  • Midlertidig tilkopling til offentleg vass- og avløpsanlegg
  • Avslutte/plugge tilkopling til offentleg vass- og avløpsanlegg 
  • Reparasjon/endring/supplerande tiltak på eksisterande sanitæranlegg
  • Melding om utført arbeid etter pålegg
  • Ferdigmelding - melding om utført vass- og avløpsarbeid
  • Installering av vassmålar
  • Sanitærtilkopling

 

Det er kun godkjende føretak som er registrert i entreprenørportalen som kan søke på vegner av tiltakshaver.

Tilgang til entreprenørportalen

For å få tilgang til portalen må føretaket opprette og registrere brukar på entreprenørportalen. Det gjer du ved å ta kontakt med rørleggarkontrollen i verksemd for vatn og avløp. 

Ove Andrè Grande  
tlf.: 475 17 363  
e-post: ove.andre.grande@alesund.kommune.no

Rørleggarkontrollen krev at føretaket legg fram dokumentasjon på at den som skal utføre vass- og avløpsarbeid har gyldig ADK-1-sertifisering.  Rørleggarar som skal anbore på kommunen sitt vassleidningsnett, skal i tillegg til svennebrev ha gyldig ADK-1-sertifikat.

Har du brukt entreprenørportalen til å sende inn søknader til andre kommunar, bruker du same innlogging og ber deretter om tilgang hos Ålesund kommune inne i portalen. Krava for å få tilgang er som for førstegongsregistrerande.

I portalen får du tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker. 

Søknader skal vere godkjent av oss før arbeidet settast i gang. Du kan enkelt følge med på korleis det går med saka og sende ferdigmeldingar når arbeidet er ferdig.

Treng du hjelp?

Sjå instruksen for innmelding av arbeid til kommunen (PDF, 458 kB)

Gjeldande revisjon for denne er 2.2023 – 12.05.2023.

Har du spørsmål om entreprenørportalen, kan du ta kontakt med:

Ove Andrè Grande  
tlf.: 475 17 363  
e-post: ove.andre.grande@alesund.kommune.no


Andre skjema

Samla oversikt over andre skjema for vatn og avløp finn du hos søknadssenteret for Ålesund kommune.