Kva gjer ein støttekontakt?
Som støtte-/ fritidskontakt hjelp du eit anna menneske til å få positive opplevingar og auka sosial kompetanse. Nokre treng støttekontakt, enten fordi dei ikkje kjem seg ut på eigenhand eller fordi dei treng bistand til å meistre å delta på ulike fritidsaktivitetar.
Som støtte/fritidskontakt arbeidar du ca. 3-4 timar i veka. Du er då på oppdrag for kommunen, ikkje fast ansatt.
Du får godtgjersle frå kommunen for oppdraget.
Kven kan bli støttekontakt?
- Du må vere over 18 år. Du kan få oppdrag dersom du er under 18 år, då i samråd med brukar/føresette/verge.
- Du må legge fram politiattest og du har teieplikt.
- Du bør vere glad i å vere saman med menneske, ha evne til å finne på aktivitetar, samt vere ein motivator for andre.
- Du bør kunne binde deg over ein lengre periode (minimum 1 år), for å skape stabilitet for brukaren.
Slik søker du om å bli støttekontakt
Vil du bli støttekontakt? Då kan du sende inn ein søknad der du fortel litt om deg sjølv.
Kva skjer vidare?
Du blir kontakta av aktuell avdeling/verksemd for avtale om intervju, informasjon og rettleiing. Dersom det for tida ikkje er ledige oppdrag som støttekontakt, blir du registrert og kontakta når vi har eit oppdrag som passar for deg.
Kontakt
Jenny-Ann Westad
E-post: jenny.ann.westad@alesund.kommune.no, tlf. 477 63 781
Isabell Fylling Knutsen
E-post: isabell.fylling.knutsen@alesund.kommune.no, tlf. 477 62 702