Gards- og bruksnummer

Gards- og bruksnummer er den unike identiteten til ein eigedom.

Talkoden blir tildelt av kommunen i eigedomsregisteret matrikkelen, og blir brukt til å identifisere eigedomar i matrikkelen og grunnboka.

Gards- og bruksnummer (blir forkorta til gnr. og bnr.) treng du mellom anna ved kjøp og sal av eigedom, når du skal søka om eit byggetiltak, når du skal tinglysa dokument eller få opplysningar frå tinglysninga.
Eit gards- og bruksnummer er registrerte både i eigedomsregisteret matrikkelen og grunnboka. Dei fysiske opplysningane om eigedomen, som eigedomens areal, grenser, informasjon om bygningar og vegadresse, ligg i matrikkelen.

Meir informasjon om eigedomen din får du ved å bestille eit matrikkelbrev.

Gard- og bruksnummer som adresse

Ikkje alle eigedomar i Noreg har ei vegadresse. I mange kommunar brukar ein difor gards- og bruksnummer som einaste form for adresse, ei såkalla matrikkeladresse. Ei matrikkeladresse kan bestå av berre gards- og bruksnummer, eventuelt eit festenummer (forkorta til f.nr.) og i tillegg eit eventuelt undernummer.

Les meir om adresse.

Seksjonsnummer

Seksjonsnummer blir tildelt når ein eigedom blir seksjonert, slik at kvar eigarseksjon får eit eige seksjonsnummer i tillegg til eigedommens gards- og bruksnummer. Det skjer når ein eigedom er eigd av fleire personar saman, og sameigarane skal få einerett til å bruka ei bestemd brukseining (bustad) på eigedommen. Dette gjeld i hovudsak rekkehus, blokker og andre leilegheitskompleks. 
Les meir om seksjonering.

Burettslagspartar får ikkje gards- og bruksnummer og seksjonsnummer

Festenummer

Festenummer blir tildelte når ein del av ein vanleg grunneigedom blir leigd bort (blir festa). Arealet som blir leigd bort blir då målt opp som ein eigen festegrunn, som blir gitt eit festenummer i tillegg til gards- og bruksnummeret som blir behalde frå hovudeigedommen. Dette må ordnast hos kommunen før ein festekontrakt kan tinglysast.

Endring i kommune- og gardsnummer

I forbindelse med kommunedelinga (01.01.2024) beheld alle eigedomar gards- og bruksnummera som dei hadde før delinga. Gardsnummer i Ålesund og Haram er derfor no slik:

Gards- og bruksnummer etter kommunedelinga 01.01.2024
Kommunenummer Gardsnummer Kommunenummer Gardsnummer
Før kommunedelinga Før kommunedelinga Etter kommunedelinga Etter kommunedelinga
1507 Ålesund 1-201 1508 Ålesund 1-201
1507 Ålesund 502-815 1508 Ålesund 502-815
1507 Ålesund 303-481 1580 Haram 303-481


I forbindelse med kommunesammenslåinga (01.01.2020) fekk dei fire kommunene Ørskog, Haram, Sandøy og Skodje nye gardsnummer, gamle Ålesund kommune beheldt gards- og bruksnummera.

Gards - og bruksnummer i samband med kommunesammenslåing 01.01.2020
Kommunenummer Gardsnummer Kommunenummer Gardsnummer
Før omnummerering Før omnummerering Etter omnummerering Etter omnummerering
Ålesund 1504 1-201 Ålesund 1507 1-201
Haram 1534 3-181 Ålesund 1507 303-481
Skodje 1529 2-69 Ålesund 1507 502-569
Ørskog 1523 70-109 Ålesund 1507 670-709
Sandøy 1546 3-15 Ålesund 1507 803-815
Sandøy 1546 1-2 Aukra 1547

 

Sjå meir om gards- og bruksnummer på Kartverket.

Ansvarleg for tenesta