Ei grunnbokutskrift inneheld informasjon om eigar, pengehefte og servituttar (rettar som andre har) på ein eigedom.
Privatpersonar
Privatpersonar kan sjølv hente ut grunnboksutskrift og sjekke kva som er tinglyst på ein eigedom. Dette gjer ein ved å logge seg på ein av kommunen sine to kartportalar WebInnsyn eller GeoInnsyn ved bruk av Elektronisk ID
Privatpersonar kan eventuelt òg kjøpa grunnboksutskrift frå leverandørane som kommunen bruker. Sjå informasjon under firma nedanfor.
Firma
Firma må bestille grunnboksutskrift. Bruk sjekk kva som er tinglyst (Statens kartverk) eller ein av leverandørane Ambita, Norkart eller Proconet.
Eventuelle spørsmål rundt bestilling, kjøp og leveranse må stillast til leverandørane eller Statens Kartverk.
Sist endra 25.05.2023 10.11