Seksjonering

Å seksjonere er å dele ein eigedom opp i fleire eigarandelar, der kvar seksjonseigar har einerett til å bruke ein bestemt brukseining i eigedommen. 

Dette kan f.eks. vere ei leiligheit i ein fleirmannsbustad. Ein seksjonert eigedom er eit sameige, men kvar seksjon er eit eige pante- og salsobjekt. I nokon tilfelle, f.eks. vertikaldelt tomannsbustad og rekkehus, kan frådeling vere å føretrekke. Det blir derfor tilrådd at søkar vurderer om frådeling er meir føremålstenleg enn seksjonering der forholda ligg til rette for dette.

Kven kan søke?

Søknad om seksjonering må settast fram av heimelshavar til eigedommen. Heimelshavar er den eller dei som er tinglyst som eigarar av eigedommen. Dersom det er snakk om festa grunn, er det i utgangspunktet tilstrekkeleg at festaren skriv under på søknaden. I slike tilfelle bør festekontrakta leggast ved søknaden, slik at vi kan vurdere om det er nødvendig å innhente samtykke også fra grunneigar/bortfestar.

Andre kan søke på vegne av heimelshavar, men det må då leggast ved skriftleg fullmakt. Unntaket er dersom det er ein advokat som søker. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.

Korleis søke?

For å kunne behandle søknaden, må det sendast inn søknad på standardisert skjema. I tilfelle der ein ønsker å få oppmålt uteareal til seksjon, må det leggast ved rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.

Linkar til skjema og rettleiingar

Kva slags vedlegg som skal følge søknaden, står oppført på søknadsskjemaet.

Søknaden må ha originale underskrifter. Det same gjeld for eventuelle erklæringar.

Vilkåra for seksjonering er opplista i eigarseksjonslova § 7, og er nærare omtala i «Veileder til eierseksjonslovens offentligrettslige regler». Denne rettleiaren er i utgangspunktet meint som eit hjelpemiddel for saksbehandlarar, men kan vere nyttig også for den som skal søke.

Dersom det er fleire som eig eigedommen saman, og ein skal eige ein seksjon kvar, kan ein fordele dei nye seksjonane ved å nytte skjema for fordeling av seksjonar. Dersom ein ikkje fordeler seksjonane, vil alle eigarar bli deleigar i alle seksjonane som blir oppretta.

Kva skjer etter at søknaden er sendt inn?

Når kommunen har mottatt søknad om seksjonering, vil denne bli registrert og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar, vil det bli gitt frist for retting. Når eventuelle rettingar er mottatt, vil vi sjekke om vilkåra for seksjonering er til stade. Dersom vilkåra er oppfylt, blir det fatta vedtak. Når klagefristen på 3 veker er ute, blir dokumenta sendt til tinglysing. Etter at dei tinglyste dokumenta er mottatt i retur, sender vi desse til søkar, saman med matrikkelbrevet for dei nye seksjonane. Faktura blir sendt til søkar i eiga sending.

Kva koster det?

Saksbehandlergebyr for seksjonering

Lovhenvisninger

Eigarseksjonslova

Matrikkellova

Skjema

Linkar til skjema og rettleiingar

Ansvarleg for tenesta