Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Adresse og bustadnummer

Adresse og bustadnummer

Adresser og skilt skal sørge for at du kan finne fram til bygningar, bustader og andre aktuelle stader. Den offisielle adressa kan enten vere ei vegadresse eller ei matrikkeladresse.  Offisielle adresser med fleire brukseiningar, for eksempel i ei bustadblokk, vil i tillegg ha eit brukseiningsnummer. Det er kommunen som vedtar vegnamn og tildeler adresser og brukseiningsnummer. Opplysingane blir registrerte i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret i Norge).
 

Vegadresse

Kommunen har som målsetting at eigedommar som det er nødvendig å finne fram til, skal tildelast vegadresser. Vegadresser har eit vegnamn og eit husnummer. Husnummer blir tildelt med partall på ei side av vegen og oddetal på motsett side av vegen, og med aukande nummerering frå starten av vegen.
Dei fem tidlegare kommunane, som i dag dannar Ålesund kommune, har følgt ulike adresseringsprinsipp og det varierer difor om oddetall er på venstre- eller høgre side av vegen rundt om i kommunen. Dei adresseringsprinsippa som er nytta i dei ulike delane av kommunen vil bli vidareført.

Matrikkeladresse

Eigedommar blir unntaksvis (og ofte midlertidig) tildelt matrikkeladresse. Ei matrikkeladresse består av gardsnummer, bruksnummer og eventuelt feste- eller seksjonsummer. Ei matrikkeladresse kan for eksempel vere slik: 123/1/0/0 (Gnr./Bnr./Fnr./Snr).

Brukseiningsnummer

I fleirbustadhus, for eksempel bustadblokker, blir det normalt sett ei adresse per inngang til bygget.
For at kvar enkelt leiligheit eller hybel i bygget skal ha ei eiga adresse, blir det i tillegg tildelt eit brukseiningsnummer (tidlegare kalt bustadnummer).
Brukseiningsnummeret består av ein bokstav og fire tal. Bokstaven og dei to første tala fortel kva etasje leiligheita ligg i. Dei to siste tala fortel leiligheita sitt nummer i etasjen, rekna frå venstre mot høgre.
Folkeregisteret vil krevje at ein oppgir brukseiningsnummer når ein melder flytting.

Korleis finne brukseiningsnummeret?

Eigar kan sjølv hente ut informasjon om brukseiningsnummeret i kommunens kartinnsyn (GeoInnsyn og WebInnsyn). 
 

 

Ver merksam på at det er lett å gjere dette feil, så vi oppmodar deg til å  ta kontakt med kommunen for å få stadfesta korrekt brukseiningsnummer.

Sjå meir om adresse på kartverket
Sjå meir om vegadresser på kartverket
Sjå meir om brukseiningsnummer på kartverket
Skal du melde adresseendring gjer du det i folkeregisteret og posten

Til toppen