Lån og leige Ålesund kommune har gjort fleire lokale og tilbud tilgjengeleg for utlån - slik som skolelokaler, møtelokaler, kultur- og idrettsanlegg, baner, torgplass og noko utstyr. I tillegg kan du låne bil gjennom bildelingsordninga til kommunen. Leige skolen sine lokale Du kan leige skolane sine gymnastikksalar og skolelokale. For fast leige til treningstid og øving er det ein årleg søknadsfrist, men du kan søke om å leige for enkelståande arrangement. Søk om leige av skolelokaler i Aktiv kommune Leige idrettshallar og baner For tildeling av fast treningstid og arrangement må ein søke innan ein årleg søknadsfrist. Sjå oversikt over alle haller og baner for informasjon om korleis leige dei. Søk om å leige kommunale idrettshaller og baner i Aktiv kommune Leige av torg, fortau og gater Vil du leige kommunal grunn utandørs til eitt eller anna arrangement? Torga i bysentrum kan du bestille digitalt. Leig torgplassar Leige av lokaler og møterom I tillegg til leige skolane sine gymnastikksalar og skolelokale og nokre av Frivilligsentaralene er det fleire møteplassar du kan leige. Ålesund: Leig Frivilligsentralen i Ålesund Sandøy: Leig lokaler på Sandøyhagen Ørskog Leig Ørskog Frivilligsentral Leig idrettshallar og baner Ørskog kulturhus Skodje Leig lokale på Skodje tenestehus Leig lokaler eller idrettshall i Gomerhuset Bildeling Bildelingsordninga er eit prøveprosjekt der kommunen leiger el-bilar som kan brukast av både tilsette og innbyggarar. Kommunen har kjøpt seg tilgang til bildelebilar mellom 07.30-16.30 på kvardagar. Utanfor desse tidspunkta er det fritt fram for kven det skulle vere å leige desse bilane. Leig bil her Fritidsutstyr til utlån Du kan låne utstyr gratis eller som medlem av ulike organisasjonar. Sist endra 28.08.2023 13.09