Fritidsutstyr til utlån

Du kan låne utstyr gratis eller som medlem av ulike organisasjonar. Her er ei oversikt over kvar du eller de verksemd kan låne friluftsutstyr. 

Frivilligsentralane

Harøy

MAKS- Maritimt aktivitetssenter, også kalla MAKS Harøy, har gratis utlån av utstyr til maritim aktivitet og friluftsliv. Vår største satsing er utlån av havkajakk og tilhøyrande sikkerheitsutstyr. MAKS Harøy er eit samarbeid mellom MAKS Frivillig og Ålesund kommune. Vi er ein del av BUA nettverket. Drift er lagt til Innbyggartorget på Steinshamn i nært samarbeid med frivillige. Du finn MAKS Harøy i Røsokvika på Harøy.

Området i og utanfor Røsokvika er særs eigna til padling og segling. Innerst i vika er det skjerma og grunt farvatn. Det er dermed ein glimrande plass å lære seg å meistre kajakken. Området utanfor er ei perle med eit mylder av øyar, holmar og skjer. Val av løyper er nærmast uendeleg. Lengre ute møter ein storhavet om ein er klar for slike utfordringar.

Utstyrsparken inneheld havkajakkar, enkle og doble, våtdraktar, sko, hanskar, vestar, SUP og noko friluftslivsutstyr. Vi disponerer eigen båtplass og har eige naust til å oppbevare alt utstyret i.

Nokre dagar har vi pop- up ope ved MAKS Harøy. Desse tidene vert annonsert som innlegg på facebook sida. Sjå etter flagget vårt ved vegen.

Ring oss eller send ei e- post. Då kan du gjere avtale med den frivillige som har vakt og tilpasse utlånet etter forhold, tid behov. Sesongen er vanlegvis frå midten av april til september. Men alt avhengig av ver og vind forhold. 

Håper vi sjåast!

Vi stiller krav om "Våttkort Grunnkurs Hav" for ein ansvarleg låntakar for kajakk. Personen må vere 18 år. Det er ellers ingen krav til aldersgrense eller kurs for dei andre personane som er med i følget. Vi har retningslinjer for utlån, ta kontakt om de har spørsmål. Det vert oppfordra til at flest mogleg tek grunnkurs HAV for å få våttkort. Dette er eit tiltak for auka sikkerheit ved utlån av kajakk. 

Kontakt MAKS Harøy:

Nettside:

Drift er lagt til Innbyggartorget på Steinshamn Innbyggartorget på Steinshamn

Driftsleiar Torill Morsund Huse

Behandling av personopplysningar

Vår behandling av dine personopplysningar skjer på grunnlag av ein brukaravtale gjennom oppretting av låneprofil for ansvarleg låntakar hos MAKS- Maritimt aktivitetssenter.

Personopplysningar som namn, fødselsdato, adresse, e-post, telefonnummer og relasjon til medlåntakar er opplysningar vi registrerer.

Formålet er å administrere utlån av utstyr til maritim aktivitet og friluftsliv. For å sikre avklaring av ansvarleg låntakar og for å føre statistikk på utlån.

Behandlingsansvarleg er Ålesund kommune.

Eksterne aktørar

Sunnmøre friluftsråd

Friluftsrådet låner ut utstyr til frivillige lag og organisasjonar, skular, SFO og barnehagar. Dette er noko av utstyret dei har til utlån: 

  • Turspader
  • Snøformingssett
  • Truger
  • Lavvoar
  • Diskgolf
  • Turkjøkken
  • Orientering (kompass og postar)
  • Kajakk (kompetansekrav for lån)

På nettsida til Friluftsrådet ser du kva utstyr som er tilgjengeleg og korleis dette kan bestillast  

Fellesverket

Ungdomshuset til Røde Kors ligg i Storgata 25. Dei har plass og utstyr til å halde på med musikk, dans, innspeling og diverse. Alt er heilt gratis. Dei har også noko utstyr for utlån.

  • Syklar
  • Ballar
  • Fiskestenger
  • Hengekøyer
  • Symaskinar

LHL Ålesund, Sula og Giske

Lokallaget har 5 kajakkar som kan lånast og ligg i Svinøyvegen. For kontakt over telefon til 92 60 41 94 / 97 06 25 41.

Kirkens Bymisjon - Skattekammeret 

Skattekammeret Ålesund er ein gratis utlånssentral av sport- og friluftsutstyr for barn og unge opp til 20 år. Andre kan óg låne utstyr, men barn og unge vil bli prioritert fyrst. Utlån skjer ved bruk av nasjonalt lånekort og utstyret kan bli lånt ei veke av gongen.

Skattekammeret er eit TV-aksjonstiltak og blir drifta av Kirkens Bymisjon Møre. I tillegg til utlån arrangerer Skattekammeret i Ålesund óg gratis aktivitetar. 

  • Opningstider er tysdagar kl. 11.00 - 15.00 og onsdagar kl. 13.00 - 18.00. 
  • For meir informasjon kan du ta kontakt på e-post: skattkammeret.alesund@bymisjon.no eller over telefon til 47 78 56 82
  • Besøksadresse: Nybømarka 2, 6011 Ålesund.

DNT Sunnmøre

Som medlem av turistforeningen kan du låne friluftsutstyr gratis eller for ein liten sum. Leige utstyr frå Turistforeningen.