Frivilligsentralen sine tilbod og aktivitetar kan variere i dei ulike kommunedelane. Felles for alle sentralane er at vi kan hjelpe lag og organisasjonar med lokale, gje råd og rettleiing og vere eit bindeledd mot kommunen. For enkeltpersonar kan vi mellom anna finne aktivitetar og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Tilbod
Under ser du nokre av aktivitetane dei ulike frivilligsentralane jobbar med. Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir om kva vi gjer i nærområdet ditt. Frivilligsentralane er opne for innbyggerintitiativ, og hjelper deg gjerne i gong!
- Fole kjekt å vere sosial og digital
- TV-aksjonen
- Stikk UT!
- Ungdomsklubben Kvalen
- MAKS – Maritimt aktivitetssenter
- Naturmøteplass på Gomerløa
- Turskilting
- Elvastien
- Naturmøteplass på Elvastien
- Krafttak mot kreft
- Juniorkveld
- 11-kaffen
- Nyttårsbad
- Natteravnane
- Naturmøteplassen på Aksla
- Nettverk for frivillighet
- Strikkekafé
- Leikebyttedag
- Innflytterdagen
- Gratis advokathjelp
- Open julefeiring
Gratis lokalar til frivilligheita
Alle frivilligsentralane i Ålesund har lokalar som lånast ut gratis til lag og organisasjonar.
Sandøy Frivilligsentral disponerer lokale på Sandøyhagen (Austrevegen 15). Ta kontakt for å reservere.
Skodje Frivilligsentral disponerer lokale på Skodje Tenestehus (Nihusvegen 3). Ta kontakt for å reservere. Både små og store møterom er tilgjengeleg.
Ørskog Frivilligsentral har lokale på tenestehuset på Sjøholt (Øyravegen 11). Her er det eit stort lokale. Dette kan også leiast til private arrangement. Sjå oversikt over lokalet og prisar (gjeld private arrangement) her.
Ålesund Frivilligsentral har lokale i Kirkegata 33 (inngang frå Aspegata). Her er det to mindre møterom og tre større lokalar. Sjå oversikt over lokalet her:
Frivilligsentralane si ressursgruppe
Ressursgruppa er Frivilligsentralane sitt rådgjevande organ. Gruppa skal bidra til å skape tettare samarbeid med lokal frivilligheit og knyte sentralane betre saman gjennom felles prosjekt.
Å vere medlem i ressursgruppa er eit frivillig verv. Medlemmane må være over 18 år, engasjerte i nærmiljøet sitt og ha et ønske om å bidra til at Frivilligsentralane har best mogleg utgangspunkt for å gjere en god jobb i sitt område.
Ressursgruppa består av to-tre personar frå kva kommunedel, i tillegg til tilsette frå den enkelte frivilligsentral. Kva ressursgruppa skal gjere blir bestemt i gruppa, men det kan til dømes vere å
- Arrangere dialogmøter for frivilligheita
- Dele synspunkt, råd og idear til arrangement og prosjekt som frivilligsentralane skal engasjere seg i
- Kome med innspel og kunne påverke kva som skal vere frivilligsentralane sitt felles satsingsområde, med mål om å knyte frivilligsentralane tettare saman
- Vere eit utvida nettverk for frivilligsentralane
Verksemdsleiar: Hege Steinsland