Utleige av lokale på skolane Skolane sine gymnastikksalar og symjebasseng og skolelokala generelt, er råd å få leige. Fast leige til treningstid og øving Utleige av idrettshallar og skuleanlegg gjeld trening og arrangement/konkurranse. Fast trening- og øvingstid blir tildelt for eitt år om gongen og følger skoleruta (1. september 2022 — 1. mai 2023) Treningstid blir tildelt i vekedagane og arrangement føregår fortrinnsvis i helgane. Søknadsfristen er 20. juni 2022. Søk om fast trening- og øvingstid i skolelokale Søknadsskjemaet er berre ope i perioden frå 7. juni til 20. juni. For førespurnader ettersøknadsfristen, ta kontakt med rektor ved den enkelte skolen. Vilkår for leie av skolelokale Ved tildeling av treningstider skal grupper som driv aktivitetar for barn prioriterast. Tildeling skjer etter følgande prioritering: Den enkelte skole (inntil ein dag pr. veke til eigne aktivitetar) Skolekorps Barnegrupper under 18 år Grupper barn/ungdom over 18 år Idrettslag og liknande med aktørar over 18 år Lag/grupper som driv eigenaktivitet for vaksne (bedriftsidrettslag, private mosjonsgrupper m.v.) Enkeltståande arrangement Rektor/verksemdleiar tar avgjersler om enkeltutleige av gymnastikksalar, symjehallar og klasserom, og om fast utleige av klasserom. Slik utleige kan avtalast for inntil eitt skoleår om gongen. Utleige følger skoleruta. Det er dermed ikkje mogleg å leige skolelokala i skoleferiane. Søknader må sendast inn i god tid, og seinast fire veker før arrangementet, åtte veker ved store arrangement. Behandling av søknader skjer normalt innan tre veker. Oversikt over fasilitetar, tildelte og ledige tider for trening og arrangement kan du sjå på Aktiv kommune. Søk om leige på Aktiv kommune Pris for leige av skolelokale Sjå prisar for utleige av skolelokale Ansvarleg for tenesta Team oppvekst Sist endra 23.12.2022 12.35