BildelingsordningÅlesund kommune har avtale med Otto som leverandør av bil som teneste. Ved hjelp av denne avtalen, blir enkelte bilar delt med innbyggjar. I sentrum av Ålesund, nærare bestemt i parkeringsanlegget Kremmergården 2U, står det eit utval bilar som kan leigast av publikum – vanlege privatbilar og varebilar. For detaljer om leigeforhold, sjå Otto frå Bertel O. Steen. I tillegg jobbar Otto med andre aktørar i Ålesund for å utforske moglegheit for ekspansjon.KviforMålet er å:legge til rette for auka bruk av bildelingredusere samla bilbruk i regionenstimulere til miljøvennlege transportformerBildeling er ei direkte reaksjon på kva FN seier ein smart og berekraftig by skal vere. Bildeling omfattar alle tre dimensjonar av bærekraftsmåla; det sosiale, det økonomiske og klima/miljø-perspektivet. Økonomisk Utfordre bil nr. 2 eller 3 i privathusholdningar Privatpersonar betaler for bil kun når dei bruker den Betre utnytting av kommunen sin bilpark, gir økonomisk gevinst Færre bilar gir eit bidrag til betre trafikkmønster Du slepp vedlikehald – forutsigbar økonomi. Klima og miljøBetre utnytting av dei bilane som allereie er produserte, bidrar til færre bilar Elbilar gir mindre utslepp Bidrar til materiell forbruksreduksjon Sosialt aspektGir tilgang til bil for menneske som av ulike grunnar ikkje har eigen bil Kan bidra til mindre ulikheit, som t.d. manglande tilgang på bil av økonomiske grunnar Kan bidra til mindre ulikheit som støttar t.d Røde Kors sitt HABIL-prosjekt: frivillige er ledsagarar på øvelsekøyring for elevar som skal ta sertifikatKvarKremmergården (tilgjengeleg for booking heile døgnet, må takast ut/leverast før porten i Kremmergården stenger kl. 23)Kommunen har i tillegg Otto som leverandør av bil-som-teneste på fleire lokasjonar. Dette er bilar som er låst til kommunen i si heilheit fordi behovet for bruk av bil i tenesteproduksjon er 24/7.KorleisLast ned appen, du finn OTTO både i App Store og Google Play.Registrer deg med BankID.OTTO sjekkar førarkortet ditt mot Statens vegvesens database. Har du eit gyldig førerkort, vil du bli godkjent innan kort tid.Når du køyrer bil, bruker du telefonen som nøkkel under heile leigeperioden. Du får full oversikt over leigeperioden din i appen.DokumentPolitisk behandlingKPI-analysen (tal frå 2018)Del av daglege reiser som foregår med bil: 71 % (raud, lågast skåre)Talet på bildelingsbilar per innbyggar (raud, lågast skåre)Del av bilparken som er lågutsleppsbilar: 3,91 % (raud, lågast score)Luftkvalitet (lite grunnlag, men dei målingane som er gjort, gir full skåre)KlimagassutsleppAktuelle berekraftsmål9 – Innovasjon og infrastruktur11 – Berekraftige byar og samfunn13 – Stoppe klimaendringaneHeile KPI-rapporten frå FNHeile KPI-analysen Sist endra 05.12.2025 12.35