Søk om å få støttekontaktEin støttekontakt bistår deg som treng tilrettelegging for å delta i sosialt samvær og få ei meiningsfull fritid.Kva er ein støttekontakt?Ein støttekontakt kan vere med deg i sosiale samanhengar og som følgje til fritidsaktivitetar. Støttekontakta kan til dømes bli med deg og gå tur, dra på kino, gå på kafé, trene eller andre sosiale aktivitetar.Du får tildelt eit visst tal timar per månad saman med støttekontakten. De avtaler dykk i mellom kva de ønsker å bruke tida på.Kven kan søkja?Du kan søkja om støttekontakt om du treng tilrettelegging for å delta i sosiale aktivitetar og få ei meiningsfull fritid.Både barn, ungdom og vaksne som bur eller oppheld seg i kommuna kan søkja om støttekontakt.PrisTenesta er gratis, men du dekker dine eigne utgifter ved deltaking på aktivitetar og til transport.Du kan ha rett på følgjekort, som gjer at støttekontakt/følgjer går gratis inn på aktivitetar, eller får redusert pris. Slik søkjer du Slik søkjer du om helse- og omsorgstenesterKlage på vedtak eller teneste Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.Søknadsfrist Det er ikkje søknadsfrist. Søknadar blir behandla fortløpande av Koordinering og tildeling. Ønskjer du å bli støttekontakt?Sjå korleis du kan søke om å bli støttekontakt.Ansvarleg for tenestaUnder 18 år: Bu- og avlastingstenesterOver 18 år: Førebygging og meistring Sist endra 03.07.2025 09.54