Kommunen skal etter lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet hjelpe personar som ikkje på eiga hand klarer å skaffe eller behalde ein eigna bustad.
Kven kan få hjelp?
Du kan få hjelp dersom du:
- har lovleg opphald i Noreg
- ikkje klarer å skaffe eller behalde bustad på eiga hand
- har behov for råd, rettleiing eller praktisk bistand knytt til bustadsituasjonen din
Dersom du kan finne eller behalde bustad på eiga hand, vil du normalt ikkje ha rett til slik bistand.
Kva kan du få hjelp til?
Kva hjelp du kan få, blir vurdert ut frå situasjonen din og behova dine.
Du kan mellom anna få hjelp til:
- råd og rettleiing om bustad og økonomi
- å søkje om bustøtte, lån eller andre aktuelle ordningar
- å meistre eigen busituasjon
- å finne eigna bustad
- å søkje kommunal bustad dersom du oppfyller vilkåra
- å førebyggje tap av bustad eller utkastelse
Dersom du har rett til hjelp etter lova, vil du få eit vedtak om individuelt tilpassa bistand.
Før du søkjer
Mange spørsmål kan løysast gjennom ein samtale med kommunen. Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknad.
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for bustadsosial bistand.
Søk om bistand til å skaffe eller behalde bustad (digitalt skjema kjem)
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, så kan du fylle ut eit papirskjema. Du kan laste ned papirskjema for bustadsosial hjelp (kjem) som som du skriv ut sjølv, eller du kan få det frå innbyggartorget. Den kan du levere til innbyggartorget eller skanne og sende som sikker eDialog. Du kan også sende den i posten til Ålesund kommune, Bustadsosialt team v/Koordinering og tildeling, Postboks 1521, 6025 Ålesund.
Treng du annan hjelp?