Mellombels bustad for heimlauseKort fortalt Mellombels bustad er eit krisetilbod til deg som ikkje har ein stad å sove om natta. Ditt lokale NAV-kontor har plikt til å hjelpa deg. Om du av ulike grunnar har blitt akutt heimlaus, kan du få mellombels overnatting. Kva kan du få? I Ålesund finst det sju hyblar med felles opphaldsrom/kjøkken i Aarsæthervegen 6. Éin av hyblane er tilrettelagt for funksjonshemma. Tenesta er bemanna på dagtid med miljøpersonell, og har aktiv nattevakt. Butid er inntil tre månader. Du kan òg lese meir om mellombels bustad på Nav sine nettsider. Slik søker du Du kan kontakte Nav på telefon 55 55 33 33 i opningstida: 09.00–15.00. Treng du meir informasjon? Du kan kontakte Aarsæthervegen på tlf. 46 91 66 29. Sjå også Blå Kors busenter, nattheim Ansvarleg for tenesta Koordinering og tildeling Sist endra 19.01.2023 08.14