Familiestøtte er ei teneste for barn og unge frå 0- 18 år og deira familiar.
Ofte hjelper vi barn, gjennom deira viktige vaksne. Vi ønskjer å gi rett hjelp, til rett tid og hjelp som nyttar. Målet er at vi saman finn vegar som kan bidra til endring.
Vi kan samarbeide med andre instansar som arbeider med barn og unge, til dømes barnehagar/skular, helsesjukepleiarar, barneverntenesta, PPT, BUP og fastlegar.
Vi i familiestøtte har brei kompetanse og erfaring knytt til ulike utfordringar for barn, unge og familiar. Alle som arbeider i familiestøtte har teieplikt. Ungdom over 16 år bestemmer sjølv om dei ønskjer at føresette skal vere med til samtale.
Hovudregelen er at familiestøtte er inne i ein avgrensa periode.
Kva tilbyr vi?
Vi har tilbod retta mot kommunikasjon, relasjonar, psykisk helse hos barn og unge, eller andre problemstillingar ein står i.
Vi gir støtte, råd og veiledning gjennom:
- Samtale- eller rettleiingstilbod tilpassa kvart enkelt barn/ungdom/familie sitt behov.
- Ulike gruppetilbod for barn og unge.
- Grupper/kurstilbod for føresette om kommunikasjon og samspel.
- Hjelp til å lose til andre instansar, dersom det er ønskeleg eller nødvendig.
Vi har taushetsplikt.
Drop-in er eit tilbod for deg som ønsker generelle råd eller rettleiing i foreldrerolla. Samtalane kan for eksempel handle om utfordringar knytt til samspel, rutinar, grensesetting eller handtering av vanskelege følelsar. Du vil bli lytta til og kanskje få nokre nye perspektiv og verktøy med på vegen.
Dette er eit lågterskeltilbod og du treng ikkje kontakte oss før du kjem.
Samtaletilbodet er gratis og krev inga tilvising. Vi set av 30-45 minutt til ein samtale og du kan komme tilbake fleire gonger om du ønskjer.
- Fredager frå kl. 9.00-11.00. Vi følger skoleruta.
- Hos Familiestøttande tenester i Elegantegaarden
Tiltak
Småbarneteam er eit tverrfagleg samansett team med ulike fagpersonar frå fleire verksemder.
Teamet har spisskompetanse knytt til dei minste barna 0-4 år, og tilbyr oppfølging og rettleiing av enkeltfamiliar og eventuelt barnehage der barnet går. Målet er å komma raskt til med hjelp, og finne fleksible løysingar i lag med den enkelte familie.
Er eit team som har spesiell kompetanse inn mot samansatte utfordringer knytt til barn og unge i grunnskulealder.
VIT er eit nettverksbasert tiltak der ein arbeider med utvida familienettverk og med fleire arenaer rundt barnet, med mål om å fremme god helse og utvikling hos barn og familien.
Tiltaket er eit tilbod til familiar som ønskjer endring, og er motiverte for intensiv innsats over ein periode.
Vi har et tverrfaglegteam som tek imot alle som kjem til oss når det gjeld:
- foreldrerettleiing
- familieterapi
- individuelle samtaletilbod i høve psykisk helse for barn og unge
- samspel og kommunikasjonsutfordringar i familien
- styrking av foreldrerolla
I teama har ein ulik fagkompetanse, og ein kan bidra med ulike perspektiv og brukar ulike verktøy og metodar i arbeidet.
Er eit tverrfagleg samansett team med fokus på ungdom 13-18 år, der utfordringa er knytt til psykisk helse eller samspel, og kommunikasjonsutfordringar i familien.
Ungdomsteam har og ein ruskonsulent.
Tilbodet blir tilpassa den enkelte.
Raskere hjelp til traumeutsatte barn.
Ålesund kommune er med i en nasjonal forskningsstudie for å hjelpe familier med barn som har psykiske plager etter traumatiske opplevelser opplevelser. Behandlingsmetoden som testes heter Trinnvis sammen.
Tilbudet er for barn mellom syv og tolv år, som har opplevd for eksempel en bilulykke, alvorlig mobbing, vold, seksuelle overgrep, at en nærstående har dødd, eller andre vonde og skremmende hendelser, og som etterpå har fått det vanskelig i hverdagen.
Alle som deltar i studien vil få hjelp, og blir loddtrukket til å motta enten det ordinære tilbudet, eller behandlingen Trinnvis sammen. I denne metoden blir foreldre eller foresatte tett involvert i behandlingen og får en viktig rolle for å hjelpe barna, i samarbeid med kommunal terapeut. Målet med studien er å undersøke om behandlingsmetoden kan redusere behovet for profesjonelle hjelpere, og bidra til bedre forståelse og styrket bånd mellom foreldre og barn. Forskningsstudien gjennomføres av Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).
Vil du vite mer, eller vurderer du om barnet ditt og du skal delta i studien? Les mer her.
I Covideo-studien undersøker vi hvordan behandling på video/skjerm fungerer for ungdom med sosial angst. For å finne ut av det, sammenligner vi terapi på skjerm med terapi på terapeutens kontor. Ungdom med sosial angst fra hele landet i alderen 14-18 år kan bli med i studien. Det er helt frivillig å delta.
Hvis du er interessert i dette, les mer her.
VRINK er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, NTNU, ALV, ÅKP og USHT. Målet er å endre korleis ein inkluderer barn og unge i utanforskap.
VRINK står for virtual reality & inkludering. Innovasjonsidéen er å bruke virtuell virkelegheit (VR) som eit teknologisk verktøy for å fremje inkludering og møte barn og unge der dei liker å vere; på den digitale arenaen.
Det betyr å ta i bruk nye produkt (VR-teknologi), endre tenester ved å tilpasse arbeidsmetodar og prosessar til å fokusere meir på inkludering, og dessutan utvikle kompetanse hos tenesteytarar og endre samhandling mellom tenester.
Målet er at dette skal skape verdi både for kvar enkelt person i utanforskap og at det kan bidra til meir berekraftige kommunale tenester.
Er du interessert i å lese meir? Sjå her.
Kva er E-Teams?
E-Teams er eit digitalt satsingsprosjekt i Ålesund kommune for barn og ungdom i skole og fritid, med fokus på inkludering, folkehelse og livsmeistring.
Prosjektet skal løfte barn og unge som har digitale interesser og ferdigheiter, og gi dei høva til å vise kva dei kan, slik at dei opplever anerkjenning for kunnskapen sin i skule og fritid.
E-Teams vil:
- etablere eit dataspelmiljø tilrettelagt for meistring, tilhøyrsle og inkludering
- vere eit gratis lavterskeltilbod der barn og ungdom skal få ein trygg fysisk og digital arena
- ta ein aktiv del i barnas spelkvardag på barna og ungdommens premiss
Er du interessert i å vite meir, sjå her.
Grupper og kurs
Vi har ulike kurstilbod i grupper for barn, ungdom og foreldre/føresette som vi tilbyr fleire gonger kvart år. Informasjon om dei ulike kurstilboda finn du i lenkjene nedanfor. Tidspunkt for kursa kan variere i hyppigheit og lengd, men dei fleste blir gjennomførte ein gong kvart halvår.
Pris
Tilbodet hos oss er gratis og frivillig.
Korleis få tilbodet?
Foreldre og ungdom over 16 år kan sjølv ta kontakt med oss. Andre instansar som er i kontakt med barnet, ungdommen eller familien kan også søke i samråd med de det gjeld.
Søk om familiestøttande tenester
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, så kan du fylle ut papirsøknad for familiestøttande tenester (PDF, 271 kB) og sende det i posten til Familiestøttande teneste, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Vi vil ta kontakt når vi har motteke søknaden.
Du kan også kontakte oss i Familiestøtte på telefon 40905139.
Sjå også