Kva er ei bekymringsmelding?
Ei bekymringsmelding er ei melding til barnevernet frå nokon som er uroa for korleis eit barn eller ein ungdom har det. Bekymringsmeldinga gir barnevernet informasjon som gjer at dei kan vurdere om barnet eller familien kan ha behov for hjelp.
Du skal ikkje undersøkje saka eller bevise at noko er gale. Det er barnevernet si oppgåve å vurdere situasjonen. Dersom du er bekymra, er det nok grunn til å melde frå.
Når bør du melde frå?
Ta kontakt med barnevernet dersom du er uroa for korleis eit barn har det. Du kan til dømes vere bekymra for at barnet:
- blir utsatt for vald eller overgrep
- opplevar vald mellom dei føresette
- lever med rusproblem i familien
- har føresette med alvorlege psykiske vanskar
- ikkje får den omsorga det treng
Bekymringsmeldinga di kan vere avgjerande for at barnet får hjelp tidleg, og kan hindre at vanskane blir for store.
Du treng ikkje vere sikker
Mange som bekymrar seg for barn og ungdom er redde for at dei overreagerar eller feiltolkar signal. Mange lurer på om det dei ser kanskje ikkje er alvorleg nok, eller om ei melding kan skape unødige vanskar.
Det er barnevernet som vurderer om det er behov for å undersøkje saka eller setje inn hjelp.
Kven kan melde frå til barnevernet?
- Alle kan sende ei bekymringsmelding til barnevernet.
- Privatpersonar kan vere anonyme.
- Skular, barnehagar og andre offentlege instansar har meldeplikt ved alvorleg bekymring og kan ikkje vere anonyme.
- Barn, unge og familiar kan også sjølve ta kontakt dersom dei ønskjer hjelp. Sjå også heimebaserte tenester.
Slik melder du frå
Du kan sende inn ei bekymringsmelding eller ringe:
Telefon:
- Barnevernvakta for Sunnmøre: 91 57 60 20
- Politiet: 02800/112 (gratis)
- Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (gratis)
Post:
Ålesund kommune
Verksemd for barneverntenester
Postboks 1521
6025 Ålesund
Digitalt:
Ved bruk av Digipost vil brevet gå rett til det skjerma elektroniske fagsystemet som barnevernet bruker:
- For barnevernvakta for Sunnmøre, bruk organisasjonsnummer 992 421 444
- For Ålesund og Fjord barnevernteneste, bruk organisasjonsnummer 985 697 159
Dette skjer når du melder frå
Barnevernet vurderer meldinga innan ei veke. Då avgjer dei om saka skal følgjast opp vidare.
Dersom saka blir undersøkt, snakkar barnevernet med barnet, føresette og andre som kjenner situasjonen.
Om barnet eller familien treng hjelp, finn barnevernet aktuelle tiltak saman med familien. Målet er å gi rett hjelp til rett tid.
Informasjon om barneverntenesta