Shutterstock
Kva er sosial angst?
Sosial angst betyr at ein opplever angst i situasjonar med andre menneske eller grupper av menneske. Det kan føre til vanskar med å få nye venner, delta i fritidsaktivitetar eller være på skulen.
Teikn på sosial angst kan vera:
- Ein gruer seg/bekymrer seg mykje før situasjonen og er redd for å gjere noko dumt/flaut
- Ein opplever skjelving, svetting, rødming og vanskar med å konsentrere seg før situasjonen
- Etter situasjonen grublar ein over kva ein sa eller gjorde, eller om ein dumma seg ut
Vanlege konsekvensar av sosial angst er at ein prøver å unngå sosiale situasjonar, ikkje seier noko i situasjonen, eller prøver å ikkje bli lagt merke til i situasjonen.
Sosial angst er vanleg. Det startar ofte i tenåra, og det er viktig å få hjelp tidleg for å unngå at ein får tilleggsproblem.
Kognitiv terapi (KAT)
I denne terapien lærer ein å endre måten ein tenkjer om dei sosiale situasjonane. Tenkjemåten, og det ein gjer i dei sosiale situasjonane, gjer ofte at angsten held fram. KAT har vist å kunne endre på dette.
I KAT vil du saman med terapeuten din finne meir ut av tankemønstera dine, kva situasjonar som er utfordrande, og kva du pleier å gjere i desse situasjonane. Deretter legg de ei plan for å endre på dette.
Mellom timane får du spørsmål og oppgaver å jobbe med for å skape endring. Målet er at du skal kjenne igjen tenkemåtar og handlingar som ikkje er hensiktsmessige, for å kunne hjelpe deg sjølv å velje andre måtar. Gjennom behandlinga vil du kjenne deg meir trygg i sosiale situasjonar, og få hjelp til å ha det annleis i situasjonane enn no.
Er du over 16 år og ønskjer å delta?
Da må du sjølv samtykkje. Gå inn på lenka nedanfor, da kjem du til eit samtykkjeskjema. Der samtykkjer du ved å bruke Bank-ID. Da får du opp eit spørjeskjema med tre spørsmål om sosial angst.
Du blir óg spurd om å samtykkje til at foreldra dine/føresatte kan delta i studien ved at de besvarer eit intervju og nokre spørjeskjema.
Dersom du ønskjer at foreldra dine/føresatte skal vere involverte, skal dei óg samtykkje til å delta.
Samtykkjeskjema for deg som er frå 16 år.
Samtykkjeskjema for føresatte til ungdom frå 16 år.
Er du under 16 år og ønskjer å delta?
Da må foreldra dine/føresatte samtykkje på vegne av deg. Gå inn på lenka nedanfor, da kjem de til eit samtykkjeskjema. Der samtykkjer de ved å bruke Bank-ID. Da får de opp eit spørjeskjema til ungdommen med tre spørsmål om sosial angst. Disse spørsmåla skal ungdommen sjølv svara på.
Samtykkjeskjema for ungdom under 16 år og føresatt.
Har du spørsmål?
Viss du er ungdom og lurer på om du skal delta i dette?
Ta kontakt med Marianne Heen (Terapeut Familiestøttande teneste)