E-Teams

E-Teams er eit digitalt satsingsprosjekt i Ålesund kommune for barn og ungdom i skole og fritid, med fokus på inkludering, folkehelse og livsmeistring. 

Prosjektet skal løfte barn og unge som har digitale interesser og ferdigheiter, og gi dei høva til å vise kva dei kan, slik at dei opplever anerkjenning for kunnskapen sin i skule og fritid.

Kva er E-Teams?

E-Teams vil:

  • etablere eit dataspelmiljø tilrettelagt for meistring, tilhøyrsle og inkludering
  • vere eit gratis lavterskeltilbod der barn og ungdom skal få ein trygg fysisk og digital arena
  • ta ein aktiv del i barnas spelkvardag på barna og ungdommens premiss

Våre gamingrom

Vi har gamingrom med PC-ar, VR-briller og PlayStation på:

  • Volsdalen skole
  • Skarbøvik ungdomsskole
  • Blindheim ungdomsskole

Våre tilbod

Her er ein oversikt over kva E-Teams tilbyr. Du finn meir informasjon om desse på Facebook-sida til E-Teams Ålesund.

Skoletilbod

Vi tek i mot grupper for pedagogisk aktivitet med dataspel.

Fritidstilbod med påmelding 

  • Jentegrupper
  • Gruppetilbod i samarbeid med:
    • Autismeforeningen
    • Bo- og avlastningstenesta
    • Støttekontakttenesta

Fritidstilbod utan påmelding

  • Alle barn i kommunen kan delta.
  • Vi følger skoleruta, så fremt det ikke blir gitt anna beskjed.
  • Det er ingen påmelding, berre møt opp.

Gamingkvelder for 5. - 7. klasse

E-teams - gamingkvelder for 5. - 7. klasse
Dag Tid Stad
Mandag 17 - 19 Skarbøvika ungdomsskole
Onsdag 17 - 19 Volsdalen skole
Torsdag 17 - 19 Blindheim ungdomsskole

Gamingkvelder for 8.klasse - VG1

E-teams - gamingkvelder for 8. klasse-VG1
Dag Tid Stad
Mandag 19 - 21  Skarbøvika ungdomsskole
Torsdag 19 - 21  Blindheim ungdomsskole

Ferietilbod

Vi arrangerer sommarskole i sommarferien.

Korleis kan du ta del?

Følg med på Facebook-sida til E-Teams Ålesund for kunngjeringar og informasjon om tilboda våre gjennom året.

For å ta del i fritidstilboda som krev påmelding eller andre spørsmål, ta kontakt med prosjektkoordinator i E-Teams.

Organisering

Prosjektet har i dag en prosjektleder og en prosjektkoordinator i 100% stilling.  I tillegg har vi åtte ansatte gaming-instruktører.