Trinnvis sammen, eit behandlingstilbod til traumeutsatte barn (7-12 år)

Trinnvis sammen er ein lavterskel traumebehandling for barn i alderen 7-12 år som strevar med signifikante symptom på posttraumatisk stress (PTSS) etter ein eller fleire traumatiserende hendelsar.

Kva er Trinnvis sammen?

Dette er eit forskningsprosjekt i samarbeid mellom kommunen og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Til forskjell frå vanleg TF-CBT (Traumefokusert kognitiv atferdsterapi) som blir tilbydd i BUP, er Trinnvis sammen ein delvis heimebasert korttidsbehandling. Barnets omsorgsgivar inntar derved rolla som den primære hjelparen, under veiledning av ein terapeut. Behandlinga kan tilpassast ulike typer traumer og vanskelege opplevingar. Det er ei forutsetning at barnet har ein tilstrekkeleg stabil omsorgssituasjon.

Trinnvis sammen tek sikte på å hjelpe barnet med å handtere tankar rundt traumeerfaringa, kontrollere vanskelege minner og med å gjenvinne funksjon i det daglege gjennom ulike avslapnings-, eksponerings- og mestringsøvelsar. Behandlingsforløpet er relativt kort, tar sikte på å styrkje omsorgspersonens si evne til å hjelpe og støtte barnet.

Kva er et traume? 

Ei potensielt traumatiserande hending er der du befinner deg i ein situasjon der du føler trussel mot eige liv eller helse, eller er vitne til at andre sitt liv og helse er i fare. Ei traumatisk hending kan til dømes vere krig og flukt, ulykker og katastrofer, mobbing, hundebitt, vold og seksuelle overgrep. 

Kvifor Trinnvis sammen? 

Metoden tek sikte på å endre negativ atferd, følelsar og tankemønster knytte til traumeopplevinga, gjennom strukturerte samtalar i kombinasjon med avslapnings-, eksponerings- og mestringsøvelsar.

Om studien

  • Plagene til barnet blir kartlagde for å vurdere om tilbodet passar
  • Barnet vil få tilbod om enten Trinnvis sammen eller det vanlege hjelpetilbodet i kommunen
  • Barnet kartleggjast før, under og etter behandlinga
  • Omsorgsgivar blir og spurd om å besvare spørreskjemaer

Om behandlinga

  • I stor grad heimebasert
  • Barn og omsorgsgivar arbeider saman med oppgaver og øvelsar, med støtte og rettleiing frå terapeut
  • Aktiv behandling varer 6-9 uker
  • Vedlikehaldstrening på 6 uker

Kven passar tilbodet for?

  • Barn 7-12 år
  • Stabil og trygg bosituasjon
  • Har opplevd skremmande hendingar som:
    • Utsatt for vold/vitne til vold
    • Alvorleg mobbing
    • Dødsfall av nær person
    • Overgrep
    • Bilulykke
    • Skremmande medisinsk behandling
    • Andre skremmande hendingar
  • Har plager etter ein eller fleire slike hendingar

Korleis bli med i studien?

Dersom det høyrest ut som dette kan passe for dykk, kan de sende ein søknad til Familiestøttande tenester, skriv i skjemaet at du ønskjer å søkje på Trinnvis sammen.

Søknadsskjema familiestøtte

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, så kan du fylle ut eit papirskjema og sende det i posten til Familiestøttande teneste, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Vi vil ta kontakt når vi har teke imot søknaden.

Papirsøknad for familiestøttande tenester (PDF, 271 kB) (Bokmål)

Papirsøknad for familiestøttande tenester (PDF, 625 kB) (Nynorsk)

Har du spørsmål? Ta kontakt med ein av terapeutane:

Janne Gundersen

Ingunn Slotsvik

Lisbet Standal

Sjå óg:

Familiestøttande tenester

Trinnvis sammen-NKVTS

Ansvarleg for tenesta