Pris for vatn og avløp

Gebyrsats for vatn- og avløptenestene.

Ålesund kommunestyre vedtek kva dei kommunale tenestene skal koste. 

Gebyrsatsar for vatn og avløpstenester finn du her.

I samband med større investeringar som sikrar drikkevatn til innbyggarane og at kommunen innfrir krav om sekundærreinsing, vil gebyra auke i åra framover. Venta utvikling fordelt på driftskostnader, lønskostnader og kapitalkostnader som heng saman med desse investeringane, ser i tabellen under.

Graf som viser forventa gebyrutvikling fordelt på driftskostnader, lønskostnader og kapitalkostnader. - Klikk for stort bilete

Sanitærreglement

Sanitærreglementet fortel om plikter og rettar og skal ta vare på både kommunen og abonnentane gjennom å stille krav til:

  • Utføring - at det arbeid gjort på ein trygg måte når det gjeld ansvar, funksjonssikkerheit og anleggs- og materialkvalitet.
  • Tilknytingar til det kommunale vass- og avløpsnettet.
  • Drift og vedlikehald av sanitæranlegg, både utvendig VA-anlegg og innvendige sanitæranlegg.

 

Standard abonnementsvilkår

Standardvilkåra har to hefte. Du kan lese dei digitalt i lenkene her eller bestille dei frå Kommuneforlaget.

Del 1: Standard abonnementsvilkår, administrative reglar

Del 2: Standard abonnementsvilkår, tekniske reglar

Lokale tilleggsreglar til sanitærreglement

I tillegg til standard abonnementsvilkår har Ålesund kommune lokale reglar for vatn og avløp.

 

Ansvarleg for tenesta