Har du ikkje vatn?

Når det er er brot på vassleidninga der du bur og vatnet blir vekke, får du som regel varsel om det på SMS.

Om du ikkje har vatn, kan du først sjekke:

  • Har du ein automatisk vasstoppar i huset? Sjekk om denne er utløyst og har stengt av vatnet. Kontroller dette før du ringer kommunen.
  • Blir det gjort arbeid i blokka der bur eller i eit nærliggande hus som det kan tenkast at du delar stikkleidning med? Sjekk gjerne området rundt deg om det står ein bil frå ein rørleggar. Ta gjerne kontakt med dei, for å høyre om dei har stengt av vatnet hos deg. Rørleggarar skal normalt gi beskjed/varsle når dei stenger vatnet for andre enn kunden deira.

Kommunen varslar ved problem med vatnet

Det blir vanlegvis sendt ut melding ved planlagt arbeid som gjer at du mister vatnet, det blir lavare trykk eller dårlegare vatn.  

Det kan likevel skje at du ikkje får melding.

Det kan vere fordi kommunen ikkje har rett informasjon om kvar du er tilkopla kommunalt leidningsnett eller at telefonnummeret ikkje er registrert på rett adresse. Det kan skje om du har telefon som er registrert på arbeidsgjevar eller bur på ei anna adresse enn der telefonen er registrert.

Sjekk om du er registrert for varsling på Varslemeg.no.

Slik varslar du ved vasslekkasje

  • Ved vasslekkasje der vatnet kjem opp av bakken:
    • Ring straks til vakttelefon (951 62 000).
    • Ved fare for materielle skadar og/eller kjelleroversvømmelser, ring også brannvesen (110).
  • Om det oppstår lekkasje på privat stikkleidning, må du kontakta rørleggar/entreprenørfirma for å få hjelp. Om Ålesund kommune oppdagar lekkasje på stikkleidningar, vert det sendt eit pålegg til huseigar om at lekkasjen må utbetrast.

Nokre råd ved problem med vatnet

  • Har naboen dei same problema?
    • Om fleire naboar har same problem, så betyr det ofte at det er problem med det kommunale vassleidningsnettet. Om du bur i blokk, bør du også sjekke med dei naboblokka.
  • Trykket er bra når eg opnar krana, men det blir mindre med ein gong.
    • Dette er typisk problem på gamle rør som har tetta seg med avleiringar.
    • Det kan også være problem med trykkreguleringsventilen din.
    • Det er mange som har ein sil/filter som skal vere montert før trykkreguleringsventilen, og denne kan tette seg. Silen bør difor reingjerast med jamne mellomrom for å unngå at den tettar seg. Vi rår deg til å få dette gjort av ein autorisert røyleggar.
  • Trykket er dårleg heile tida.
    • Høyrer du susing frå røyra? Legg øyret inn til røret nær den innvendige stoppekrana. Om det suser i røra utan at det blir brukt vatn i huset, betyr det gjerne at det er lekkasje ein plass.  Det seier likevel ikkje noko om det er lekkasje på det kommunale anlegget eller det private, så ta gjerne kontakt med kommunen.
    • Det er område i hagen eller andre plassar utandørs kvar det aldri blir tørt. Det kan vere naturleg oppkome av grunnvatn, men det kan også vere fordi det lek vatn ut av ei leidning.

 

Slik melder du sjølv om feil