Har du ein eigedom med innlagt vatn, kan kommunen kan pålegge deg å vere tilknytta det offentlege avløpsnettet. (Plan og bygningslova). Dersom du ikkje kan knyte deg til offentleg nett, må du etablere godkjent, privat reinseløysing for utslepp av avløpsvatn. Skal du ha slikt privat anlegg, må du søke om utsleppsløyve.
Å ha eit privat avløpsanlegg er eit stort ansvar. Det kan du lese meir om her hos Norsk Vann, Vatn og avløp sin bransjeorganisasjon.
Vil du kople deg til det kommunale leidningsnettet?
For å få vite om du bur ein plass det er mogleg å knyte seg til offentleg nett, skal rørleggaren din eller ansvarleg entreprenør ta kontakt med kommunen gjennom Entreprenørportalen.
Skal du søke kommunen om å etablere, endre eller reparere VA-anlegg knytt til det kommunale vatn- og avløpsnettet, er det også rørleggar/ansvarleg entreprenør som skal gjere dette gjennom Entreprenørportalen.
Igangsettingsløyve for bygging
Skal du bygge nytt hus eller fritidsbustad eller søker om bruksendring som medfører, byggesak, må du ha igangsettingsløyve for bygging. Då må du først få førehandsuttale frå vatn og avløp.
Når du har fått førehandsuttalen, skal ansvarleg entreprenør/rørleggar sende den til kommunen saman med “søknad om vann- og avløpsarbeid” gjennom Entreprenørportalen.
Når du så har fått godkjent søknaden om vatn og avløpsarbeid, kan du søke om igangsettingsløyve for bygging.
Tilkoplingsavgift
Ved tilkopling betaler du ei tilkoplingsavgift som kommunestyret fastset kvart år.
Her finn du prisar som gjeld vatn og avløp.
Meir informasjon
Etablering om vatn- og avløpsanlegg på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet (DIBK)