Talkoden blir tildelt av kommunen i eigedomsregisteret matrikkelen, og blir brukt til å identifisere eigedomar i matrikkelen og grunnboka.
Gards- og bruksnummer (blir forkorta til gnr. og bnr.) treng du mellom anna ved kjøp og sal av eigedom, når du skal søka om eit byggetiltak, når du skal tinglysa dokument eller få opplysningar frå tinglysninga.
Eit gards- og bruksnummer er registrerte både i eigedomsregisteret matrikkelen og grunnboka. Dei fysiske opplysningane om eigedomen, som eigedomens areal, grenser, informasjon om bygningar og vegadresse, ligg i matrikkelen.
Meir informasjon om eigedomen din får du ved å bestille eit matrikkelbrev.
Gard- og bruksnummer som adresse
Ikkje alle eigedomar i Noreg har ei vegadresse. I mange kommunar brukar ein difor gards- og bruksnummer som einaste form for adresse, ei såkalla matrikkeladresse. Ei matrikkeladresse kan bestå av berre gards- og bruksnummer, eventuelt eit festenummer (forkorta til f.nr.) og i tillegg eit eventuelt undernummer.
Les meir om adresse.
Seksjonsnummer
Seksjonsnummer blir tildelt når ein eigedom blir seksjonert, slik at kvar eigarseksjon får eit eige seksjonsnummer i tillegg til eigedommens gards- og bruksnummer. Det skjer når ein eigedom er eigd av fleire personar saman, og sameigarane skal få einerett til å bruka ei bestemd brukseining (bustad) på eigedommen. Dette gjeld i hovudsak rekkehus, blokker og andre leilegheitskompleks.
Les meir om seksjonering.
Burettslagspartar får ikkje gards- og bruksnummer og seksjonsnummer
Festenummer
Festenummer blir tildelte når ein del av ein vanleg grunneigedom blir leigd bort (blir festa). Arealet som blir leigd bort blir då målt opp som ein eigen festegrunn, som blir gitt eit festenummer i tillegg til gards- og bruksnummeret som blir behalde frå hovudeigedommen. Dette må ordnast hos kommunen før ein festekontrakt kan tinglysast.
Endring i kommune- og gardsnummer
I forbindelse med kommunedelinga (01.01.2024) beheld alle eigedomar gards- og bruksnummera som dei hadde før delinga. Gardsnummer i Ålesund og Haram er derfor no slik:
I forbindelse med kommunesammenslåinga (01.01.2020) fekk dei fire kommunene Ørskog, Haram, Sandøy og Skodje nye gardsnummer, gamle Ålesund kommune beheldt gards- og bruksnummera.
Sjå meir om gards- og bruksnummer på Kartverket.