Hjelpetenester for barn og ungdomEi oversikt over tenester som kan hjelpe deg som ungdom, føresett eller lærar med utfordringar knytt til born- og ungdomstida.Kort fortaltHar du som ungdom behov for nokon å snakke med?Har du som føresett behov for å drøfte bekymringar for barnet eller ungdommen din?Har du som lærar eller andre som arbeider med ungdom behov for å drøfte ei bekymring?Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Ålesund. Mange barn, unge og familiar møter likevel på utfordringar, og kan ha behov for støtte. Det er heilt normalt. Her finn du ei oversikt over tenester som kan hjelpe. Er du barn eller ungdom?Det kan vere vanskeleg å vite kvar du skal gå når du har ei utfordring. I kommunen er det alltid nokon du kan snakke med, anten det gjeld deg sjølv, familie eller ein venn. Er det ein lærar du har god kontakt med, kan hen hjelpe deg med å finne rett teneste, eller du kan ta kontakt med helsesjukepleiaren på skulen eller fastlegen din. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt. Det vil seie at du (eller foreldra dine om du er under 16) må seie at det er greit om dei skal kunne involvere andre.Råd og tipsBarneombodetJeg vil viteUng.no - har ei rekke gode artiklar om psykisk helse hos barn og ungdom.BarnevaktenSlettmegKors på halsen - samtaletilbod frå Røde Kors for alle opp til 18 år. Tenesta er ope måndag-fredag klokka 14-22 på telefon 800 333 21.Helsenorge.no - oversikt over fleire hjelpetilbod på telefon og nett som er nyttige når barn eller ungdom slit psykisk.Sex og samfunn - her finn du m.a. seksualundervisning og råd om seksuell identitet .Du kan også chatte anonymt med helsepersonell på iChattenRusmidler kan du lese om på nettsidene Weedensenteret og RusopplysningenNasjonalt kompetansetjeneste for søvnsykdommerKjenner du eit barn eller ein ungdom som treng hjelp?I Ålesund kommune tek vi bekymringar for barn og ungdom på alvor. Aller helst ønskjer vi å kunne gi rett hjelp så tidleg som mogleg, slik at vanskane ikkje rekk å vekse seg større. Alle som jobbar med barn og unge i kommunen har teieplikt, og skal også kunne hjelpe deg vidare dersom ei anna teneste passar betre for ditt behov. Dersom det gjeld barnet ditt, kan du kontakte tilsette i barnehagen, på skulen, helsestasjonen eller fastlegen til barnet.Bekymringsfullt skolefråvær (PDF, 2 MB)Nasjonalt kompetansetjeneste for søvnsykdommerOversikt over hjelpetenester til barn og ungePå skolen Ta kontakt med ein lærar du har god kontakt med, eller sosiallærar/miljøterapeut/rådgivar. PPT - pedagogisk psykologisk teneste undersøkjer om det er behov for ekstra hjelp i barnehage eller skule.Skolehelseteneste (6-20 år) Helsesjukepleiar har trefftid på alle skular i kommunen. Helsestasjon for ungdom (13 - 25 år) Ein stad ungdom kan kome når ein treng hjelp til noko, eller treng nokon å snakke med. Drop-inn tilbod på Moa Helsehus. Åpningstid onsdager og torsdager kl 14.30 – 19.00 (lege til stede kl 16 - 19) Tlf.: 40 82 35 17 Familiestøttande tenester (0 - 18 år) Har ulike veilednings- og samtaletilbod til barn, unge og familien. Der er óg gruppetilbod både for ungdom og føresette, og der er ein ruskonsulent.Barn og unges helseteneste Gir ein oversikt over kvar ein kan få hjelp med dei vanlegaste psykiske vanskane hjå born og unge. Barn og unge som er i eit pasientforløp innan psykisk helse, kan få hjelp til å koordinere mellom spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene av ein forløpskoordinator.FastlegenHit kan ein gå for å snakke om det som er vanskeleg og få hjelp til å bli tilvist vidare dersom ein treng det, for eksempel til BUP poliklinikk (psykisk helsevern for barn og unge), eller til andre tenester i kommunen.Rask psykisk helsehjelp (fra 16 år) Eit lavterskeltilbod til dei med lettere til moderate symptom på angst, depresjon eller søvnvanskar. Ungteam Rus (16 - 25 år)For den som har moderate eller alvorlige utfordringer med rus, eller rusmiddelavhengighet. Psykisk helse og rus (fra 18 år) Har ulike tilbod, både tenester du kan du ta kontakt med direkte for å få informasjon eller helsehjelp og psykiske helsetenester du kan søke om å få. Pårørande ved rusEr du pårørande til nokon som slit med rusavhengighet kan det hjelpe å prate med ein erfaringskonsulent.Prosjekt Rundskue (12 - 19 år) Mentorordning for ungdom mellom 12 – 19 år. Arbeidstrening for ungdom 16 – 19 år.SLT – koordinator Er du bekymra for rusbruk, vald, sedelegheit, hatytringar, tjuveri eller radikalisering i ungdomsmiljøet du kjenner til? Då kan du ta kontakt med SLT-koordinatoren i Ålesund kommune.Bekymrar du deg for eit barn eller ein ungdom?Både barneverntenesta og krisesenteret kan gi hjelp dersom ein opplever vald i familien, eller frå andre som står ein nær. Sjå kva du kan gjere om du mistenker at nokon er utsatt for utsatt for vald, eller om du sjølv er utsatt for vald eller overgrep heime. Barnevernsvakta i Ålesund har døgnbemanning. Andre hjelpararHer finn du kvalitetssikra informasjon om fleire aktuelle tema (6 - 20 år)Her finn du kvalitetssikra informasjon om fleire aktuelle tema (ungdom)Familievernkontoret på Sunnmøre (Bufdir) BUP poliklinikk (psykisk helsevern for barn og unge)PolitietAndre tilbod og aktivitetetarTilbodNAVFor å få hjelp frå NAV til å finne jobb, må du melde deg på som jobbsøkjar. Då får du tilgang til verktøy på nettet som hjelper deg å bli klar for jobb. Viss du treng råd eller rettleiing, kan ein ungdomsrettleiar frå NAV snakke med deg og vurdere kva som bør vere ditt neste steg. Det er lurt for alle som er ferdige med ungdomsskulen og ikkje har jobb eller skuleplass å registrere seg hos NAV. Dale Oen Academy Møre (16 - 20 år) Meistringskjensle, miljøskifte og ny motivasjon. Ingen klasserom, ingen time plan. Du lærer om deg sjølv, andre og verda gjennom praktiske utfordringar og aktivitetar. Eit alternativt skuleår frå oktober til juni. Medvind (18 - 30 år)Sosialt og faglig fellesskap sammen med andre unge voksne for deg som ikkje er i jobb eller under utdanning.Brisk (fra 18 år)Ein arbeids- og inkluderingsbedrift med hovudfokus på tilbakeføring av menneske til arbeidslivet.Fontenehuset Ålesund (fra 16 år)Fontenehuset Ålesund er eit frivillig og inkluderande arbeidsfellesskap for deg med psykiske helseutfordringar. Der er eit eige opplegg for unge. AktivitetarAktivitetskalenderen FriskusFriskus er Ålesund kommune sin aktivitetskalender der du kan finne spennande arrangement og frivillige oppdrag i området der du bur.Ung i ÅlesundKommunen sitt fritidstilbod til ungdom. Ulike ungdomsklubbar og kreative møteplassar.JoinUs (15 - 35 år)Stiftinga JoinUs tilbyr møteplassar for aktivitet, skaparglede og meistringskjensle.Fellesverket DragenEit kultur- og aktivitetshus for barn og ungdom i sentrum av ÅlesundDei kommunale tenestene er gratis (hos fastlegen er det ein eigenandel for dei over 16 år). Alle som arbeider hos oss har teieplikt.Er det noko du savnar? Sentralbordet/innbyggartorga (tlf. 70 16 20 00) kan også hjelpe deg med å finne rette teneste. Sist endra 29.05.2025 10.42