Pårørande ved rus

Er du pårørande til nokon som slit med rusavhengigheit? Det å snakka med nokon som veit kva du går gjennom og som sjølv har kjent på mykje av dei same kjenslene som deg, kan vere til god hjelp.

Kva tilbyr vi?

Vi tilbyr personlege samtalar, der det å vere ein støttespelar og ein likeperson står i sentrum. Vi kan tilby informasjon om dei ulike hjelpetiltaka som finns, eller berre vere ein å snakka med om "alt og ingenting».

Vi har sjølvsagt teieplikt, og tilbodet er både gratis og utforpliktande. Du treng heller ingen tilvisning; du tek berre kontakt med ein av oss på telefon eller e-post, så kan vi ta oss ein prat.

Kven er vi?

Vi er ikkje behandlarar, rådgivarar eller psykologar. Men; vi har erfaring som pårørande til rusmisbrukarar. Vi har kjent på frykta for kva som kan skje, usikkerheita for vegen vidare. Vi har kjent på frustrasjon, på glede og på sorg. Vi veit kva det vil seie å vere ein pårørande til ein som slit med rus, og vi vil bruke nettopp den erfaringa til å hjelpe andre.

Korleis finn du oss?

Vi, erfaringskonsulentene er å treffe måndag til fredag kl. 08.00 – 16.00 i

Skarbøvikgata 40, 1 etasje.

Kontaktinformasjon:

Line Renate Bruvoll

Berit Aasestrand

Du kan leggja igjen ei melding eller skrive ein sms, så tek vi kontakt om du ikkje får svar. Du kan og ta turen innom Skarbøvikgata 40, 1. etasje kvar torsdag mellom kl. 10.00 – 14.00. Då er vi der, klar for ein prat.   

Facebookside: Pårørandetilbod rus Ålesund.

Ansvarleg for tenesta