Neste steg for byromma

Byromsprosjektet skal halde fram heile hausten, med arbeidsverkstadar og nye utprøvingar av byromma. No skal snart nye kunstnarar ta fatt på sine prosjekt, og gi sine innspel til korleis byromma våre skal bli i framtida. 

Tunell - Klikk for stort bileteKorsatunellen er eitt av byromma ein no skal gjere utforskingar i Jon Åge Giske Andersen

Mykje av det som skjer i byromma no er utprøvande arbeid utført av kunstnarar, der dei skal bidra med sin kreativitet til å finne nye og andre løysingar. Dei bidreg med si kompetanse inn i eit fellesskap beståande av arkitektar, landskapsarkitektar og andre fagpersonar, som alle skal spele kvarandre enda betre. 

Arbeidet som no er i gong er eit forprosjekt. Altså, førebuande til eit seinare hovudprosjekt. No skal planane leggast, innspel samlast og løysingar utprøvast. 

Sjølv om arbeidet involverer kunstnarar, er det ikkje eit kunstprosjekt. Dei involverte i byromsprosjektet skal i denne fasen finne ut korleis byromma skal bli i framtida, og jobbar no tverrfagleg for å finne dei beste løysingane.

Kunstnarane blir henta inn både direkte og gjennom utlysing, så langt er sju kunstnarar engasjert. Fleire kunstnarar kan komme til undervegs, og både dei og prosjekta dei skal i gang med leggast ut fortløpande - følg med på vår prosjektside!

Prosjektsida

Viktig erfaring

I sommar har Simon Wågsholm og Jørgen Stavseng gjort sine utprøvingar knytt til sitteområder i byromma. Dei nytta berekraftig materiale, som var lett å justere på undervegs, for å teste ut kva slags sitteområder brukarane av byromma ville ha. 

–    Bidraget har vist behovet for samlingsstadar, og vi ser at også folk som ikkje kjenner kvarandre slår seg ned på samme flata. Det at konstruksjonane er opne i utforminga har vore viktig, ein ser at born leiker på dei, og folk sit eller legg seg ned på ulike måtar. Når ein bruker dei ser ein byen frå nye perspektiv, fortel kurator Jorunn Kjersem Hildre.

Jorunn er ein av dei to kuratorane som har ansvar for det kunstnarlege bidraget inn i prosjektet.

Det har kome mange innspel på utforming av byromma, og særleg sitteplassar. Om du har innspel kan du melde dei inn i skjemaet vårt, så vert dei tatt med vidare.

Har du innspel?

Målet med både den fysiske utprøvinga, arbeidsverkstadar og andre tiltak er å få innspel frå så mange som råd, og særleg dei som brukar byromma i det dagelege. 

Folkegruppe som sitter på benker - Klikk for stort bileteUtprøvinga av sitteløysingar i byromma har vore god læring Mateo Christensen

Ein plass å opphalde seg

Neste mann ut er biletkunstnaren Ivan Dujmusic, som snart er i gong i Korsatunellen. Han vil finne ut korleis vi ein kan sjå på ein tunell, og opplevinga av det å vere inni den, på ein ny måte. Dei neste vekene skal han teste ut ulike visuelle grep, både med bruk av tekst og andre visuelle element, for å sjå om det kan gjere opplevinga av å vere i tunellen betre. 

I dag er Korsatunellen vindfull, kald og litt uhyggeleg, dette er eit av fleire prosjekt som skal sjå på korleis det kan bli betre å opphalde seg der inne. 

Hugs at dette berre er ein del av eit større prosjekt, og at det er utprøvande. Det betyr at det seinare kan kome andre utprøvingar som endrar heilskapen, og at utprøvingane er i utvikling. Ta turen, og sjå korleis det utviklar seg dei neste vekene, og utover hausten når andre utprøvingar står for tur. 

Samarbeid er nøkkelen

Ein sentral tanke i dette prosjektet, og i det meste av teoriar om innovasjon og nyskaping, er samskaping på tvers av fag og bakgrunnar. Kristin Uleberg Osnes er prosjektansvarleg hjå JAJA Architects, som står for mykje av kompetansen knytt til landskapsarkitektar, arkitektar og planleggarar i prosjektet. Etter utprøvingsfasen er over er det dei som skal lage konseptteikningar og skisser. 

Kvinne sit i vindaugskarm - Klikk for stort bileteKristin Uleberg Osnes frå JAJA Architects Oslo Privat

Dei har også vore med, saman med kunstnarane, og kommunen sine eigne tilsette, i den tverrfaglege gruppa som har planlagt dette prosjektet. Kristin har tru på at det er på tvers av bakgrunn og fag ein finn dei beste løysingane.  

– Samarbeidsprosjekt på tvers av faggrupper er ein sentral del av dei fleste prosjekta vi arbeider med. Ved å samhandle og samskape med ulike yrkesgrupper utfordrar vi våre vante tankesett og speler kvarandre gode.

Ofte representerer eit tverrfagleg team ulik spisskompetanse som på kvar sin måte er viktige perspektiv inn i eit prosjekt. Det er ofte ein viktig suksessfaktor for at eit prosjekt oppnår sitt ytste potensiale, og blir best mogleg for befolkninga i byen. 

– Når vi som sit på teiknebordet representerer eit mangfald av kompetanse og fagbakgrunnar - håpar vi også å kunne famne om eit breitt mangfald av befolkninga i byen.

 

No er vi i ein tidleg fase i byromprosjektet kor ulike kunstnarar arbeider med mellombels kunst for å utforske potensialet i byromma. Resultatet kan avdekke nye moglegheiter, behov og manglar - og vere ein inspirasjon til det vidare arbeidet med permanente løysingar

Friske midlar til medverking 

Ålesund kommune har fått støtte frå det statlege programmet «Byen som regional motor» (BRM) hjå fylkeskommunen til utvikling av St. Olavs plass, Harald Torsviks plass og Korsatunellen. 

I mars blei det også tilkjend støtte frå KORO (Kunst i offentleg rom). KORO er eit statleg organ som har som mål å gjere kunst lettare tilgjengeleg for alle, og at kunstnarar skal få ein større samfunnsrolle enn i dag. Dette er heilt i tråd med Ålesund kommune sine politisk vedtekne mål, til dømes frå strategi for tenesteutvikling og innovasjon:

“Kunst og kultur er òg ein viktig bidragsytar til stads‐ og tenesteutviklinga. Kunst og kunstnaren sitt perspektiv og metodar skal vere integrert i utviklinga av kommunen. Kunst og kultur bidreg til livskvalitet for innbyggjarane og samskaping mellom ulike aktørar. Vidare er kunst og kultur avgjerande for å ta i vare Ålesund kommune sin eigenart og identitet, og bidreg til nyskaping og berekraftige løysingar.”

Det er desse eksterne tilskota som har latt kommunen gjennomføre prosjektet på denne måten, som gjer det mogleg å ha langt meir medverknad frå brukarane av byromma enn det som elles er råd. Denne medverknaden skjer gjennom eit nettskjema, ved samspel mellom utprøvingsprosjekta og brukarane som oppheld seg i byromma, og gjennom fleire arbeidsverkstadar. 

Meir informasjon

Om noko er uklart, har vi skrive fleire artiklar om prosjektet tidlegare. Det er også lurt å sjekke ut prosjektsida.

Slik vil kommunen skape byrom for alle!

Kva skal vi med byrom?

Prosjektsida