Byromma er grå og nokså «livlaus» slik dei står i dag. Det er lite fargar, belysning, møblar, planting og andre installasjonar som innbyr til opphald og bruk. Alle treng sårt ein rehabilitering og modernisering for å bli blåst nytt liv i, og vi må sjå på nye moglegheiter for bruk.
Byromma skal bli meir attraktive, og dei skal forsterke kvarandre ved at vi tydeleggjer betre at byromma ligg nærme kvarandre og er kopla saman i ein akse gjennom sentrum. I ei tid med mykje einsemd og der mange manglar tilhøyrsel er utvikling av gode byrom eit viktig folkehelsetiltak.
Dette heng saman med det kommunen kallar den heilskaplege innsatstrappa. Dette er strategien for gode og berekraftige helsetenester i framtida. Utgangspunktet for innsatstrappa er å gjere det vi kan for å skape tilhøyrsel, mangfald og trivsel. Det handlar både om betre liv og betre helse, og om å minske behovet for dyrare helsetenester
Det er også viktig å sjå byromma i kombinasjon med det kommande kollektivknutepunktet, og tilpasse utforminga opp mot dette.
Ålesund kommune er i ei stor endring i tankesettet rundt region, by og tettstadsutvikling. Kunst og kulturen har fått ein større plass i vårt lokalsamfunn, i tillegg til at det leggast politiske føringar for at kunst og kultur skal være ein naturlig drivar i utviklinga av regionen vår.
Hovudmålet er at Ålesund sentrum skal bli meir attraktiv, mangfaldig og bidra til å betre folkehelsa.