Slik skaffar du deg vassmålar
Du må kontakte rørleggar. Rørleggar monterer vassmålaren og melder den inn til kommunen.
Når skal du lese av vassmålaren?
Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar kvart år.
I 2025 blir det sendt ut SMS 3. desember med frist for å lese av fram til 9. desember.
I 2025 har vi nytt system som gjer at du berre skal svare på SMS-en. Avsendar er eit nummer med 14 tal som er unikt for deg slik at avlesing og svar vert registrert på rett målar. Det gjer også at du ikkje kan vidaresende SMS-en.
Slik melder du inn dersom du får SMS
- Du svarer på SMS-en om vassmålar på same måte som du svarer på andre SMS-ar du får. (Du skal ikkje klikke på noko lenke slik det var tidlegare.)
- Du svarer med målerstand, talet som står på målaren, kun talet og utan tala bak komma.
- Du får tilbakemelding i ein ny SMS når avlesinga er registrert.
- Har du registrert feil målarstand, kan du sende inn på nytt, og det er då siste innsende sms og målarstand som gjeld.
Har du fleire vassmålarar, får du ein SMS per vassmålar. Det er viktig at du svarer på rett sms med rett avlesing for rett vassmålar. Du kan ikkje svare for fleire vassmålarar på den same SMS-en.
Kva skjer om eg ikkje får SMS?
Vi får melding dersom SMS-en ikkje er opna eller har kome fram i løpet av 48 timar. Då får du brev gjennom Digipost eller Altinn.
Du kan både melde inn målarstand og gi beskjed om at du neste gong vil melde om målarstand på SMS på
www.leseav.no
Prisar
Sjekk betalingssatsane for vatn og avløp.
Kva kan eg spare på å installere vassmålar?
Vi har laga ein enkel modell der du kan rekne ut kva din husstand kan spare på å installere vassmålar. Vi gjer merksam på at summen er rettleiande, ikkje eksakt.
Kalkulatoren tar utgangspunkt i eit gjennomsnittsforbruk per person per år. Dette forbruket er sett til 60 m3/år som standard i kalkulatoren, men kan endrast ved å legge inn høgare eller lågare tal.
Prøv vassmålarkalkulatoren (XLSX, 20 kB) (XLSX, 27 kB)
Andre nyttige lenker