Har du innlagt vatn utan å vere tilknytta avløp, må du anten kople deg til kommunale avløpsleidningar eller sørge for di eiga godkjende reinseløysing.
I utgangspunktet skal alle vere knytt til offentleg avløpsanlegg. Dersom det ikkje er mogleg, kan du ha privat anlegg. Då må rørleggar/entreprenør søke kommunen via Entreprenørportalen om å etablere privat avløpsløysing for deg.
Rørleggar/entreprenør må også ferdigmelde anlegget gjennom Entreprenørportalen.
Ansvarleg entreprenør/rørleggar skal dessutan søke/melde gjennom Entreprenørportalen dersom du skal installere
Samla oversikt over skjema for vatn og avløp finn du hos søknadssenteret for Ålesund kommune.
Igangsettingsløyve til bygging
Før du kan søke om igangsettingsløyve til bygging, skal ansvarleg entreprenør/rørleggar sende inn og få godkjent “søknad om vann- og avløpsarbeid”. Det skjer gjennom Entreprenørportalen.
Til denne søknaden treng du også førehandsuttale frå vatn og avløp.
Utsleppsløyve
Skal du ha privat avløpsanlegg, må du søke kommunen om utsleppsløyve. Det gjeld sjølv om avløpet går i lukka tank.
Det er forskjell på om det gjeld utsleppsløyve for mindre avløpsanlegg under 50 personekvivalentar, for eksempel for eit hus eller to (kapittel 12 i forureiningsforskrifta) eller om det ein samla søknad for eit område med mindre tett busetnad (kapittel 13 i forureiningsforskrifta).
For mindre tettbygde område med utslepp over 50 personekvivalentar skal du sende søknad etter forureiningsforskrifta kapittel 13.
Då gjeld kravet om at alle nye vass- og avløpsanlegg anten må vere eigd av kommunen eller av eit samvirkeføretak.
• Før de søkjer, er det lurt å ta kontakt med kommunen for å få vite kva krav og eventuelle lokale tilpasningar som gjeld. Deretter må de dokumentere at det planlagde utsleppet er i tråd med krava.
• De må også varsle naboar, grunneigarar og interessentar med samtidig kopi til kommunen. Kvittering for varsling og eventuelle uttalar/protestar må leggast ved søknaden. Kommunen kan hjelpe til med ei liste over kven som skal ha varsel.
• Sjekk også hos kommunen om planane er i tråd med plan- og bygningslova og kommunen sine planar.
• Det kan dessutan vere nyttig å ta kontakt med kommune eller fagkyndig for å få vite kva reinsekrav som gjeld der du planlegg utslepp.
I rettleiing til søknadsskjema finn du meir om dokumentasjon og vedlegg som trengst til søknaden.
Søk om utsleppsløyve
Kommunen er forureiningsstyresmakt og skal behandle søknader etter dette kapittelet.
Søknad om utsleppsløyve for private avløpsanlegg må innehalde:
- namnet og adressa til den ansvarlege
- namn på nøytral fagkunnig (person/firma) som har hjelpt til med val av reinsemetode og/eller dokumentasjon av reinsegrad
- dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast
- plassering av reinseanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:5000 eller storleiken av større utsleppet i pe
- skildring av stad, løysing og djupne for utsleppet
- oversikt over interesser som kan bli påverka av etableringa som interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
- oversikt over kven som skal varslast
- samtykke frå planavdelinga hos kommunen (dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova).
Partar og andre som kan bli særleg ramma av saka er varsla om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet skal sendast til kommunen samtidig med at partar og andre blir varsla. I varselet skal det komme fram at utsegner må ha kome til søkjar innan ein frist på minst fire veker etter at varselet er sendt.
Tømming og tilsyn
Har du privat avløpsanlegg, får du også krav om tøming.
I tillegg får du tilsyn på anlegget.
Pris på tilsyn finn du i Ålesund kommune si oversikt over betalingssatsar.