Kva gjer nettverket?
Nettverket fokuserer på dei aldersvennlege innsatsområda:
- Plan, uteområde og universell utforming
- Medverknad og kommunikasjon
- Bolig
- Transport
- Samfunnsdeltakelse (frivilligheit og kultur)
Kven er i nettverket?
Nettverket i Ålesund kommune består av tilsette i kommunen på tvers av fag og verksemder.
Per i dag har vi representantar frå:
- Ålesund kommunale eigedom (ÅKE)
- Fritid og kultur
- Miljø og samferdsel
- Innbyggartorg
- Plan
- Helse
Nettverket har hatt møte for å diskutere forma og mandat, og korleis jobbe meir heilskapleg og tverrfagleg med aldersvennlegheit.
Som ein del av arbeidet med aldersvennlegheit, hadde nettverket ei byvandring og workshop saman med Senter for aldersvennleg Norge den 19. juni 2024. Målet med denne dagen var for å få meir kunnskap om aldersvennlege møteplassar og universell utforming, og dessutan få meir innsikt i korleis dagens bysentrum er utforma.
I midten av november 2024 sendes vi ut ein SMS med invitasjon til å delta i ei digital undersøking. Målgruppa var alle frå 55 år og innbyggar i kommunen. Undersøkinga er eit første steg i dette arbeidet er å kartlegge korleis no-situasjonen er i kommunen. Det vil bli fleire moglegheiter framover for å medverke til arbeidet i kommunen med aldersvennleg samfunnsutvikling. Undersøkinga samla inn om lag 5000 svar og her ser du resultata.
Bakgrunn
Senter for eit aldersvennleg Norge er eit nasjonalt kompetansemiljø som arbeider for at eldre skal kunne leve gode, trygge og meiningsfulle liv, og dessutan auke kunnskap om dei demografiske endringane og aldring.
Senteret samarbeider både med kommunar og næringsliv gjennom partnarskap og nettverk for aldersvennlege lokalsamfunn for kommunar og fylkeskommunar.