Benkeprosjektet

Ålesund kommune ønsker å lage små og enkle møteplassar rundt om i kommunen.

Møteplassane kan vere enkle benkar eller møblar i gruppe, til dømes plasserte:

  • langs ein gang- og sykkelveg
  • i ein park
  • i eit friluftsområde
  • langs ein tursti

På møteplassane kan det òg vurderast planting, lys eller andre tiltak etter kva som passar på kvar stad.

Benkeprosjektet er eit fleirårig tiltak som vert gjennomført steg for steg. Kor mykje pengar som vert sett av, vert avgjort kvart år gjennom kommunebudsjettet.

  • Alle innspel som kjem inn, vil bli brukte som ein idébank for planlegging i åra framover, slik at møblar kan plasserast der det trengst.

    I 2025 vil kommunen ta utgangspunkt både i innspel som alt har kome inn, og i nye innspel som blir samla inn frå folk i ulike delar av kommunen. Dei første benkane blir sette ut i 2026. Etter det vil prosjektet gradvis bli utvida til fleire område frå 2027 og vidare.

    Kom med ditt innspel her:

Ålesund kommune kan berre etablere benkar og møteplassar på kommunale område, som friområde, torg eller gang- og sykkelvegar der kommunen eig grunnen. Men det er òg nyttig å få innspel om behov andre stader. Slike innspel kan vi ta med vidare til andre offentlege eller private grunneigarar, og kanskje få til samarbeid.

Prioritering 2025/2026

I starten vil prosjektet prioritere den eldre befolkninga. Vi blir fleire eldre i åra som kjem, og då er det viktig at folk får halde på helsa og sjølvstendet sitt, slik at dei kan bu heime lengst mogleg. Difor vil vi plassere ut møblar på stader som gjer det lettare å kome seg til daglegvarebutikk, apotek, kollektivtilbod og andre nødvendige tenester.

Bygdesenter og sentrum

Tjenester og tilbod ligg ofte i bygdesenter eller i bysentrum. Her kan sitteplassar ute vere med på å skape levande møteplassar som er tilgjengelege og trivelege for fleire. Ei målsetting med benkeprosjektet er difor å styrkje slike sentrale stader som naturlege samlingspunkt.

Kven er ansvarleg?

Prosjektet er eigd av Ålesund kommune ved Prosjekt Miljø og samferdsel. Prosjektleiar er Linda Fiskerstrand Sperre.