Ny kommuneplan - Ålesund mot 2040

Vi skal i dei komande åra jobbe med å oppdatere og tilpasse kommuneplanen sin arealdel (KPA) for å møte kommunen sine behov i framtida. KPA er den viktigaste styringsreiskapen for arealplanlegging og utbygging i kommunen. 

Illustrasjonsbilde som viser fleire kart med skalalinjal og tusjar på eit bord

Grovsiling av arealinspel

Kommunen har no gjennomført ei grovsiling av innspela, administrativt og politisk. Les meir om prosessen og sjå ditt innspel. 

Sjå vurderinga

Oppsummeringa av innbyggjarane sine innspel

No er oppsummeringa av innbyggjarane sine behov, erfaringar og draumar tilgjengeleg. Sjå rapporten og bli betre kjent med nærmiljøet ditt. 

Sjå innspela i det digitale kartet og lese meir om arbeidet i oppsummeringa. 

Les oppsummeringa (PDF, 38 MB)

 

Hender som teiknar på eit kart frå medverknaden i haust
Dronefoto av Lerstad, Blindheimstunnelne, Moa

Næringsanalyse

Asplan Viak har kartlagt og analysert potensialet i eksisterande næringsareal i gjeldande kommunedelplanar, og vurdert moglegheiter for fortetting og behovet for nye næringsareal framover. 

Les meir