
Kulturplanen omhandlar alle kulturaktørar, både frivillige lag og organisasjonar, profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar. Kulturinstitusjonar og kulturbygg. Aktuelle tema er verkemiddel og samarbeid, korleis skape gode møteplassar og kulturarenaer. Kort sagt:
- Korleis bidreg kultur til å utvikle gode samfunn med varierte fritidstilbod og gode opplevingar og eit profesjonelt kulturtilbod?
- Korleis kan Ålesund vere ein attraktiv stad, både å bu og jobbe i, og å besøke som turist om du kjem frå nærområda eller om du kjem langvegs frå?
Mål med planarbeidet
Målet er å vedta ein kulturplan for Ålesund kommune i 2025. Planen har eit 10 års perspektiv med moglegheit for å rullere planen årleg og revidere planen etter 4 år.
Kulturplanen skal sette rammer for Ålesund kommune sitt arbeid innan kultur, både som tenesteytar, utviklingsaktør og regional motor.
Føremål med planen
Kulturplanen skal mobilisere det breie kulturfeltet og sette retning for kulturarbeidet i Ålesund kommune.
Ein kulturplan vil koordinere mellom frivillig, privat og kommunal verksemd på området og mellom kommune, fylke og stat, altså både ein horisontal og vertikal koordinering. Dette stiller krav til prosess og medverknad. Kultur grip inn i andre samfunnsområde og kan styrke og løyse samfunnsutfordringar, dette er kulturen sin samfunnsbyggande kraft. Men det er særleg viktig for kultur at ein bygger gode strukturar for kulturlivet, styrker eigenverdien til kultur samtidig som armlengds-avstandsprinsippet tek i vare kunsten og kulturen si frie rolle. Slik kan kultursatsinga støtte opp om andre samfunnsområde.
Til det treng ein verktøy for politisk styring, ein kulturplan.
Innhald i planen
Planarbeidet skal omhandle kulturfeltet med vekt på:
- Ålesund kommune sin politikk på området, som tilretteleggjar for kulturfeltet.
- Verkemiddel, som t.d. ei berekraftig utvikling av kulturfeltet, kunnskap og kompetansearbeid, nettverk og kopling mellom aktørar, økonomi og tilskot.
- Samhandling med og mellom aktørar i feltet, her er samskaping og Kommune 3.0-innfallsvinkel.
- Eit relevant og oppdatert kunnskapgrunnlag for kulturfeltet i Ålesund.
Kulturfeltet sine rammer og innsats innan både sosial, miljømessig og økonomisk verdiskaping vert sett i samanheng.
Planen skal innehalde eit handlingsprogram for 4 år, dette er kopla mot økonomiplanen. Det vil vere ei årleg rullering kopla mot årsbudsjettet. Handlingsprogrammet skal innehalde tiltak.
Avgrensing av tema
Kulturplanen skal vere eit supplement til andre kommunale planar. Den vil dekke områda (ofte kalla kulturfeltet):
- Tilbod til born og unge.
- Kulturfrivilligheita.
- Profesjonell kunst og kultur. Dekker både kunst- og kulturinstitusjonane og det frie kulturfeltet (som vi kan forstå som
ikkje-institusjonelle aktørar). - Kunst og kulturformidling.
- Mangfald, inkludering, demokratibygging og ytringsfridom.
- Opne møteplassar, kulturlokalar og arenaer for aktivitet. Den sokalla kulturelle infrastrukturen saman med by- og stadutvikling.
- Den kulturelle grunnmuren, bibliotek og kulturskule.
- Tverrgåande område, kultur i samhandling med helse- og oppvekstområda. Her er samspel mellom dei ulike delane i kommunen viktig.
- Ålesund som regional motor og som det kulturelle tyngdepunktet mellom Bergen og Trondheim.
- Kulturnæring, (kulturturisme, reiseliv).
Framdrift
- Arbeid med å skaffe innsikt om kulturfeltet starta i 2023 gjennom møterekka PULS og ei oversikt over kunnskap vi har om kulturfeltet i dag og kva vi mangla av kunnskap.
- Det formelle planarbeidet starta opp med vedtak i Hovudutval kultur og oppvekst 15.05.24.
- Utarbeiding av plandokumentet skal foregå våren 2025.
- Planen skal sendast ut på høyring 2. juni i år og den vert vedteke av kommunestyret 13. november 2025.
Medverknad i prosessen
Medverknad er ein sentral del av demokratiperspektivet som Ålesund kommune jobbar etter. Medverknad og involvering gir eit betre resultat både fordi ein får breiare forståing for utfordringar og moglegheiter og fleire innfallsvinklar til både prioriteringar og løysingar.
Kulturindeks
Norsk kulturindeks for Ålesund seier noko om statusen for kulturlivet i Ålesund. Her vert ein samanlikna med andre komunar og landet.
PULS
Prosjektet Puls er en møterekke for og med kunst- og kulturlivet i Ålesund kommune. I 2023 og 2024 ble det holdt 5 samlingar med 5 ulike tema om kunst og kulturfeltet. Hovedoppgaven var å undersøke hvordan kunst,
kunstnere og kultur kan stå samlet for bygge et sterkere fagmiljø og å bidra til steds- og tjenesteutvikling.
Planprogram for arbeidet med ny kulturplan
Vi har laga eit planprogram for utarbeiding av kulturplanen. Her legg vi føringane for korleis vi skal jobbe fram planen, for sentrale tema i planen og korleis vi skal få til medverknad.