Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Samanslåing av eigedommar

Samanslåing av eigedommar

  • Eigedommar som grensar til kvarandre og som har same eigar/eigarar, kan bli slått saman for å skape ryddigare ansvars- og eigedomsforhold. 
  • Hovudregelen om at eigedommane skal grense til kvarandre, kan fråvikast dersom kommunen finn samanslåinga føremålstenleg. 
  • I ein del tilfelle – som ved bygging, seksjonering og frådeling av tilleggsparsell – kan kommunen stille krav om at samanslåing skal skje 

​​​​​​Kven kan krevje samanslåing? 

Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel som eigar til aktuelle eigedommar, jfr. matrikkellova § 18 

Kva skal kravet innehalde? 

  • Skjema for samanslåing  (PDF, 297 kB)
  • Kart over grenser og grensemerke for dei matrikkeleiningane eller grensestrekningane som saka gjeld. 
  • Stadfesting på at eventuell heimelshavar til bruksrett er varsla. 
  • Dokument som er nødvendige for å få tinglyst samanslåinga. Eventuell skulddelingsforretning, jordskiftesak. 

Vilkår 

  • Før kravet blir behandla, må det vere underteikna av den eller dei som har grunnboksheimel som eigar(ar), jf. matrikkellova § 18
  • Viss nokon av matrikkeleiningane har hefte, må det ordnast opp i desse før samanslåing kan skje, jf. matrikkelforskrifta § 43, åttande ledd. Opplysningar om hefte m.v. kan du få ved å vende deg til tinglysingsstyresmakta.

Saksgang 

Når søknaden er registrert i kommunen, tar vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar, orienterer vi om dette. Dersom kriteria for grensejustering er oppfylte vil varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning bli sendt til heimelshavarar og omfatta naboar til den aktuelle grensestrekninga. 

Etter at oppmålingsforretning er gjennomført vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedommane som har fått endra grense. Matrikkelbrevet blir sendt over til rekvirent og omfatta partar. 

Saksbehandlingstida for samanslåing er inntil 6 veker, jfr. matrikkelforskrifta § 19 

Gebyr 

Samanslåing er gebyrfritt. 

Skjema 

Skjema for samanslåing 

Lovhenvisning 

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Sjå også 

Eigedomsinformasjon 

Tinglysing 

Til toppen