Sakstypen blir mellom anna nytta i tilfelle der endring av eigedomsgrensene gir betre tilpassing til faktiske forhold, eller betre arealutnytting. Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast ved ei slik justering. Ved større areal må overføring løysast ved frådeling følgt av samanføying, eller ved arealoverføring.
Les meir i matrikkellova § 9 og matrikkelforskrifta § 34.
Kven kan rekvirere?
Grensejustering kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar som i følge firmaattest har signaturrett rekvirere grensejustering, jfr. Matrikkellova § 9 og matrikkelforskrifta § 34.
Kva skal rekvisisjonen innehalde?
Vilkår
Arealet mellom to eigedommar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
Ingen av eigedommane kan avgi eitt areal som overstig 20 % av eigedommens areal før justeringa (80 % av eigedommens areal må ligge i «ro»).
Eigedommane sin verdi kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn folketrygdas grunnbeløp (1G). For anleggseigedom kan volumet aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 1000 m3.
Panterett fell bort i areal som blir avstått frå ein eigedom ved grensejustering. Og panterett i eigedom som får tillagt areal, utvidast til også å omfatte dette.
Ved grensejustering treng det ikkje skrivast skøyte, då partane si underskrift i protokollen under ei oppmålingsforretning erstattar dette.
Sjå matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34
Ved ulike planformål på omsøkte arealer må det søkast om dispensasjon.
Saksgang
Når kommunen har mottatt rekvisisjonen, blir den registrert og det blir gjennomført ein enkel dokumentsjekk. Er det manglar, orienterer vi om dette.
Dersom kriteria for grensejustering er oppfylte vil varsel om tidspunkt for oppmålingsforretning bli sendt til heimelshavarar samt omfatta naboar til den aktuelle grensestrekninga. Etter at oppmålingsforretning er gjennomført vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for eigedommane som har fått endra grense. Matrikkelbrevet blir oversendt rekvirent og omfatta partar.
Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.
Kva koster det?
Saksbehandlergebyr for behandling av oppmålingssaker
Skjema
Velg skjema: Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
Lovhenvisning
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Sjå også
Eigedomsinformasjon