Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Frådeling av eigedom

Frådeling

Kven kan søke? 

Eigar (heimelshavar) eller den som har fullmakt frå eigar kan søke om frådeling.

Kven kan rekvirere/krevje matrikulering? 

Oppretting av ny matrikkeleining kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt.  
I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere søknad om deling og oppmålingsforretning, jf. matrikkellova § 9 

Kva skal søknaden innehalde?

Vilkår 

  • Ny (og gamal/eksisterande) tomt må vere sikra lovleg tilgang til veg, vatn og avløp. 

Saksgang

Før søknad blir sendt til kommunen, må tiltaket nabovarslast (naboliste). Eventuelle merknader skal vere mottatt av ansvarleg søkar/tiltakshavar innan 2 veker etter at nabovarselet er sendt til partar dette vedkjem. Søknaden skal også innehalde eventuelle innkomne merknader og ansvarleg søkar/tiltakshavar si utgreiing knytt til merknaden(ane) og eventuelle endringar i søknaden. Sjå også dibk.no 

Når søknaden er registrert i kommunen, blir det gjennomført ein enkel gjennomgang av søknaden. Er det manglar, orienterar vi om dette. Er det behov for behandling/uttalar frå andre offentlege instansar, sørger kommunen for innhenting av desse. 

Vedtak etter plan- og bygningslova
Vedtaket blir fatta med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkaren med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden. Saksbehandlingstid for delingssaker er enten 3 eller 12 veker frå søknaden er komplett.

Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også behandlast av landbruksstyresmaktene i samsvar med Jordlova § 12. Dette blir gjort etter at bygningsstyresmaktene har gjort sitt vedtak. 

Gebyr 

Sjå betalingsregulativ

Skjema

Lover 

Sjå også 

Til toppen