Arealoverføring (endring av eksisterande matrikkeleining)

Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar (matrikkeleiningar) enn det som er råd i form av grensejustering.

Kven kan søke? 

Arealoverføring (endring av eksisterande matrikkeleining) kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere søknad om deling og oppmålingsforretning, jf. matrikkellova § 9 

Kva skal søknaden innehalde? 

Vilkår 

Sjå rettleiing for arealoverføring. 

Saksgang 

Før søknad blir sendt til kommunen, må tiltaket nabovarslast (naboliste). Eventuelle merknader skal vere mottatt av ansvarleg søkar/tiltakshavar innan 2 veker etter at nabovarselet er sendt partane det vedkjem. Søknaden som blir sendt til kommunen skal også innehalde eventuelle innkomne merknader og ansvarleg søkar/tiltakshavar si utgreiing til merknaden(ane) og eventuelle endringar som er gjort. Sjå også dibk.no 

Når søknaden er registrert i kommunen, blir det gjennomført ein enkel dokumentkontroll. Er det manglar i søknaden, orienterar vi om dette. Er det behov for behandling/uttalar frå andre offentlege instanser, sørger kommunen for innhenting av desse.  

Vedtak etter plan- og bygningslova

Vedtaket blir gjort med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkaren med kopi til eventuelle parter som har hatt merknader til søknaden. 

Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også bli behandla av landbruksstyresmaktene i samsvar med Jordlova § 12. Dette blir gjort etter at bygningsstyresmaktene har fatta vedtak. 

Kva koster det?

Saksbehandlergebyr for behandling av oppmålingssaker

Skjema 

Søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett 

Erklæring om arealoverføring 

Nabovarsel 

Opplysningar gitt i nabovarsel 

Gjenpart av nabovarsel

Lovhenvisning 

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Plan- og bygningslova

Jordlova

Ansvarleg for tenesta